Hotel Union
VERDSETTINGSRABATT: Senterpartiet vil verdsettingsrabatt på norske hotell og overnattingsstadar - som til dømes Hotel Union i Geiranger -ved fastsetjing av formuesskatt. Foto: Ogne Øyehang
Synspunkt

Regjeringa og EØS trugar hotellperlene

I 2017 fekk Senterpartiet støtte frå dei borgarlege partia for at ein verdsettingsrabatt på norskeigde hotelleigedomar er fornuftig, men regjeringa har ikkje innført rabatten, skriv Sigbjørn Gjelsvik, finanspolitisk talsperson for Senterpartiet.

04.09.2021

Under overskrifta «Norske hotell tåler ikkje meir formuesskatt» skriv Kristin Krohn Devold og Espen Remme frå NHO mykje godt om familieåtte hotell i Nett.no 3. september.

Det dei ikkje skriv noko om, er at Senterpartiet i lang tid har jobba for å innføre verdsettingsrabatt på norskåtte hotell og overnattingsstader.

I 2017 fekk Senterpartiet støtte frå dei borgarlege partia til at ein verdsettingsrabatt på slike eigedomar var fornuftig. Det siste skriv også Krohn Devold og Remme. Det dei ikkje skriv, er at regjeringa etter dette har unnlate å innføre rabatten fordi dei meiner rabatten kan vere i strid med EØS-avtalen.

Seinast 9. august fekk eg til svar frå finansminister Jan Tore Sanner at dei endå ikkje har fått avklart dette og vil kome tilbake med meir informasjon først i samband med neste års statsbudsjett. Det er altså strengt teke ikkje formuesskatten som trugar hotellperlene, men det at regjeringa har vore treg og ikkje har skaffa Noreg nok handlingsrom i avtalane med EU.

Det meiner eg at NHO hadde stått seg på å vere ærlege om.

Publisert: 04.09.2021 09:33

Sist oppdatert: 04.09.2021 09:54