Sjaa etter ringar i vatnet naar du skal rekruttere
Synspunkt

Sjå etter ringar i vatnet når du skal rekruttere!

Trass utfordringane mange bedrifter står overfor i dag grunna nedgangen i oljeprisen, med permitteringar og oppseiingar, er det fleire bedrifter som etterspør ny arbeidskraft. Då er det viktig å ta samfunnsansvar og tenkje nytt.

02.12.2015
Mange menneske har av ulike grunner hamna utanfor arbeidslivet. Gjennom prosjektet "Ringar i Vatnet" prøver vi å kople folk utan jobb saman med NHO-bedrifter med rekrutteringsbehov, heilt i tråd med IA-avtalen sin intensjon.
At så mange menneske som muleg får sjansen til å bidra med det dei er og det dei kan, er bra for den einskilde og for fellesskapen. For dersom mange fell utanfor arbeidslivet, vil dette ha alvorlege konsekvensar både for dei som står utan jobb, og for samfunnet. Flyktningsituasjonen aukar dessutan utfordringa med utanforskapen, og behovet for å finne gode løysingar for å inkludere betre er viktig. Fleire blir slusa inn på helserelaterte ytingar i NAV når den eigentlege utfordringa er at dei ikkje får seg ein jobb som passar kompetansen dei har.
NHO sitt prosjekt "Ringar i Vatnet" kan vere ei viktig løysing her. Frå attføringsbedrifter over heile landet har fleire enn 800 menneske fått jobb i NHO sine medlemsbedrifter til no i år. Dette er ein rekrutteringsstrategi skreddarsydd for næringslivet. Medan ein før lette etter jobbar som passa litt til ein person, søkjer ein no etter personar som passar heilt til spesifikke jobbar. "Ringar i Vatnet" garanterer oppfølging av den einskilde NHO-bedrifta før,- under og etter at bedrifta har tatt inn relevant kompetanse. Dette er ei form for skreddersaum som passar næringslivet godt, og som dessutan gir tryggleik til den personen som skal inni den aktuelle jobben.
Potensialet for å gjere samfunnet sine utgifter om til inntekter krev at mange jobbar saman. Offentleg og privat samarbeid må bli styrka, og ein må slutte å sjå på kvarandre som motpolar. Her gjeld det å skaffe tryggleik og verdigheit for den einskilde, og bygge eit samfunn der alle bidreg til alle sitt beste. Bedriftsleiarar i det private næringsliv og offentlege arbeidsgjevarar må dessutan i langt større grad enn i dag våge å satse på menneske som av ulike grunner står utanfor arbeidslivet.
Vi som arbeidstakarar må dessutan ta imot nye kollegaer på ein fordomsfri måte, og kvar og ein av oss må sjå på arbeidslivet som eit gode og ein verdi. Arbeidslivet må i tillegg i langt større grad brukast som eit verkemiddel for betre helse enn sjukemelding og fråver frå arbeidsplassen.
Sidan "Ringar i Vatnet" starta i 2013, har vi om lag 3000 suksesshistorier som stadfester at dette er eit framtidsretta prosjekt som tener både land og folk.
Næringslivet på Sunnmøre er mangfaldigt og lett å samarbeide med. Dei er samfunnsengasjerte, og ynskjer som oss å få til gode, varige løysingar for den enkelte arbeidstakar. For at vi skal lukkast må vi også ha bransjepreiing, noko som dei avtalane vi har gjort gjennom «Ringer i Vatnet» speglar.
Faste tilsettingar har vi bl.a.fått til hos Hareid Elektriske handel as, og vi har hatt personar i lønna arbeid hos Brødrene Øyehaug as i Ørsta.

Hege Karete Hamre, dagleg leiar Furene AS



Det handlar om å skape eit meir ope og inkluderande arbeidsliv. Her vil næringslivet vere ein viktig aktør også framtida. Dei bedriftene som kan, bør prøve å sjå etter «Ringar i Vatnet» når dei skal rekruttere.

Publisert: 02.12.2015 14:38

Sist oppdatert: 11.02.2021 08:41