Bilde 2022 10 07 161738569
LARSNES: Larsnes Mek. Verksted er ei av verksemdene som vert ramma av grunnrenteskatten på havbruk. Rostein har lagt nybyggingsprogrammet i Norge på is. Foto: Larsnes Mek Verksted
Synspunkt

Vedum og Støre lurer oss ikkje med ei Fredriksen-finte

Høgre-leiar Inge-Jonny Hide i Sande, meiner at Støre og Vedum si skattebombe vil ramme Sande og andre kystkommunar hardt.

07.10.2022

Torsdag 22. desember besøkte Sande Høgre i lag med Stortingsrepresentant Helge Orten (H) ei rekkje verksemder i Sande kommune, mellom andre; Sande Seafarm Production, Larsnes Mek. Verksted, Finefish og Rosenlund Hamn. Verksemder som grovt summert gjennomfører investeringar på over 500 millionar kroner. Vi rakk ikkje innom Beitveit Holding som nyleg har satsa om lag 80 millionar kroner på nytt fartøy retta inn mot havbruksservice. Og, så veit vi at Mowi endeleg har fått klarsignal til nytt oppdrettsanlegg ved Voravika – ei startinvestering som fort nærmar seg 100 millionar kroner. Felles signal frå verksemdene var planar om vidare vekst og investeringar, gitt stabile rammevilkår og framleis mulegheiter til å re-investere.

Allereie under dette besøket OG før statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum nyleg presenterte si skattebombe retta inn mot havbruksnæringa, så var leiarar og eigarar av dei nemnde verksemdene tydeleg uroa over den pågåande auken av skattenivået som råkar det private næringslivet.

For havbruksnæringa sin del handlar dette hittil mellom anna om innføring av produksjonsavgift, auka verdisetjing på laksekonsesjonar og auke i formueskatt og utbytteskatt. Frå eit skattenivå på 22 til 62 prosent i følgje styreleiar Helge Singelstad i Austevoll Seafood (Finansavisen 05. okt 2022). Og, dess høgare skattlegginga av verdiane i verksemdene blir, dess meir må eigarar tøme ut av selskapet for å betale formueskatt. Nemnde Singelstad summerer samla skattlegging til å passere 80%! Og, dess mindre blir der sjølvsagt att til å satse på nye investeringar. I tillegg kjem auka kostnader som resultat av den tida vi lever i etter korona og no med krigen i Ukraina; Auka prisar på til dømes drivstoff, frakt, straum og renter.

Sjeldan eller aldri har der vore så store reaksjonar frå ei samla næring som etter då Støre og Vedum si skattebombe blei presentert. Heile kysten rasar – og med rette. I dømet frå Sande kan ein med eigne auge sjå kva som står på spel når ein over natta – utan varsel, dialog og mot sine eigne partiprogram – trugar utviklinga til ei av Norges viktigaste framtidsnæringar.

Heldigvis blir Vedum si muntre bortforklaring om at «Mowi-eigar John Fredriksen og Gustav Witzøe har råd å betale denne nye skatten», avslørt. Dette er ramme alvor. Den nasjonale og internasjonale tilliten til vårt land og våre styrande har fått eit kraftig tillitsbrot. Til og med i Hurdalsplattforma står det at «Regjeringen skal føre en forutsigbar og ansvarlig skattepolitikk overfor næringslivet».

Dessverre vil det nok ikkje vere gagn i å invitere finansministeren på rundtur i Sande. Etter det vi les og ser så held han hardt på fasiten sin – og då hjelp det ikkje kor mykje eigarar og leiarar argumenterer og dokumenterer. Vi får berre håpe at både Høgre, andre borgarlege parti og ikkje minst opprørte SP- og AP-ordførarar landet rundt maktar å følgje det som inntil for få dagar sidan var vedteken politikk: Å ikkje innføre grunnrenteskatt slik som det no over natta er gjort framlegg om.

Opprøret i havbruksnæringa fortel tydeleg at vi aldri hadde hatt nemnde 700 millionar i investeringar i Sande med ein slik politikk.

Vi som bur her let oss ikkje finte med billege vitsar om Fredriksen.

Inge-Jonny Hide
leiar Sande Høgre

Publisert: 07.10.2022 16:06

Sist oppdatert: 14.10.2022 09:48

Mer om