Fekk endeleg sett Debatten på NRK med tittelen "Ingen erfaring, ingen jobb" - kjente eg vart litt forbanna og lei meg på same tid.
Unge med bachelor- og mastergrader har sendt hundrevis av søknader — og konsekvent får «manglar erfaring» som forklaring, dersom dei i det heile tatt får svar.
Dette er ikkje berre frustrerande — det er systemsvik(t).
Til deg som sit med ansvar for stillingsannonser, rekruttering og organisasjonskultur: Dette handlar ikkje berre om «unge som ikkje får jobb». Det handlar om at vi som næringsliv og samfunn står på sidelinja og ser på at ein generasjon blir avskriven før den har fått sjansen til å starte.
Tre konkrete grep for arbeidsgivarar og HR-leiarar
1. Revider stillingsannonsane & kravlista
Vi får ofte spørsmål frå bedrifter om vi har kandidatar som passar til ei ledig stilling. Når eg les gjennom stillingsannonsa, spør eg ofte: «Kva er det du eigentlig ser etter?»
Svaret eg får er som regel noko som dette: «Vi treng nokon som er lærevillige, møter på jobb til avtalt tid og som gjerne har litt erfaring eller utdanning innan fagområdet.»
Kvifor let vi ikkje stillingsannonsen reflektere nettopp dette?
Lat krava spegle vilje, læringspotensial og motivasjon – ikke berre «ferdig erfaring».
Kor lang tid tar det før ein "svolten" utan erfaring tar igjen ein "mett" med erfaring?
2. Etabler trainee-, lærling- og praksisløp som del av rekrutteringsstrategien
Dette er vinn-vinn. Kandidatane får erfaring – samtidig får du teste ut kandidaten. Dersom det er ein god match, begge vegar, kan dette utvikle seg til ein fast jobb.
Dette er ikkje «filantropi» – det er framtidsrekruttering: Du får inn engasjement og læringsvilje og organisasjonen får vere med på å forme kompetansen.
Ei av våre medlemsbedrifter peikar på lærlingar som den viktigaste faktoren for at bedrifta fornyar seg og er innovativ.
3. Gjer rekrutteringsprosessen slik som du ville hatt den om du var jobbsøkjar
Å ikkje få svar på søknaden gir meir enn eit «nei» – det sender signal om at «vi har ikkje bruk for deg».
Eit MINIMUM er ei tilbakemelding til alle søkjarar – i det minste eit «Takk for søknaden – dessverre har vi valt å gå vidare med andre kandidatar».
Alle søkjerane kan sjølvsagt ikkje få jobben, men målet må vere å seie nei utan å gjere det slik at kandidaten mistar trua på at ein kan få seg ein jobb.
Dei nyutdanna har kanskje lite jobberfaring, men dei har 10 – 20 års erfaring med å lære og løyse problem dei aldri har sett før.
Det er ofte nettopp desse eigenskapane vi søkjer – så kvifor ikkje leggje meir vekt på dei?
Som ei av våre medlemsbedrifter sa:
«Om kandidaten møter på jobb til rett tid, er lærevillig og positiv, så kan han/ho få jobb hos oss. Faget kan vi lære kandidaten – vi er tross alt ei av verdas beste på å produsere vindauge!»
Anders Lødemel er tilsett i Nordfjordkompaniet. Innlegget er først publisert på Lødemel si Linkedin-side. Nordfjordkompaniet driv både med rekrutteringstiltak og er opplæringskontor for fleire ulike fag.
Publisert: 11.11.2025 14:02
Sist oppdatert: 11.11.2025 14:02






