Ber om batteritog paa Raumabanen
LA NED: Green Cargo la ned godstrafikken på Raumabanen for nokre år sidan. Snart skal Svenska Järnväger overta, som også vurderer ny godstrafikk. 
Nytt

Ber om batteritog på Raumabanen

Fylkesutvalet vil ha pilotprosjekt med tog på straum eller hydrogen gjennom Romsdalen.

Marius Rosbach
24.02.2020

Fylkesutvalet i Møre og Romsdal gjekk måndag samrøystes inn for å det blir oppretta eit pilotprosjekt på Raumabanen med batteritog.

Saka gjeld innspel til Jernbanedirektoratet sitt prosjekt «Nullutslippsløsninger for ikke-elektrifiserte baner», også omtala som NULLFIB.

Politikarane påpeiker at dei vil halde ope moglegheitene både for delelektrifisering og bruk av hydrogen.

Trur på vekst
I saksutgreiinga blei det påpeika at Raumabanen med sine høgdeforskjellar og moglegheiter for vinterdrift, kan gi erfaringar som kan delast også utanfor Norge.

Fylkeskommunedirektøren viser til at Raumabanen både er eit turistprodukt og ei transportåre inn til fylke, med potensiale for vekst. Svenske Jarnvägar skal ta over drifta på strekninga og har signalisert at dei vil auka frekvensen.

– Ei del-elektrifisering av banen kan skape moglegheiter for ytterlegare auka tilbod, som til dømes å starte opp igjen nattogtilbodet, heiter det i saksutgreiinga.

Les også: Tek stilling til tog, fly- og båttrafikk

Vil vente med å overta flyfrute
Fylkesutvalet gjekk også samrøystes inn for at Møre og Romsdal skal vente til 2024 med å ta over kontraktsansvaret for flyruta Ørsta-Volda til Bergen.

Fylkeskommunedirektøren meinte den økonomiske risikoen var større enn gevinsten, og rådde politikarane til å ikkje ta over ruta no.

Det er bestemt at ansvaret for desse regionale rutene uansett skal overførast til fylka frå 2024.

Politikarane gjekk for forslaget til vedtak, som også bad kommunal- og moderniseringsdepartementet lage ein ny kostnadsnøkkel for inntektssystemet for kortbanenettet seinast ved utgangen av året.

Bad Hurtigruten vente
I saka om ny seglingstider for Hurtigruten fekk Kristin Sørheim (Sp) fleirtal for å be reiarlaget om å vente med å endre tidene.

Endringane medfører betydeleg lengre liggetid i Ålesund på nordgåande rute på vinterstid, men at skipa berre blir liggande eit kvarter i Molde og Kristiansund. Sørheim fekk med seg eit samrøystes utval til å be Hurtigruten la noverande tider gjelde også komande vinter, fordi endringene har store negative konsekvensar for Kristiansund og Molde.

Les også: Raumabanen vil få støtte

Rolf Fiskerstrand: – Kan brukast til både bil, båt, ferje – og kanskje Raumabanen


Publisert: 24.02.2020 19:45

Sist oppdatert: 19.01.2022 22:17