Terminalen Byscene bidreg med kring 35 millionar kroner i årleg omsetning til andre bedrifter i Ålesund.
Det er i første rekke hotell, restaurantar og servicenæringa som nyter godt av at konsertane til Momenitum-selskapet trekk tilreisande til byen.
Det kjem fram i ei analyse gjort av Oxford Research, på bestilling av Møre og Romsdal Fylkeskommune og Momentium. Rapporten blir lagt fram under onsdagens 10-årsjubileum for konsertscena.
Har underhaldt ein halv million
I løpet av desse åra er det gjennomført 1500 arrangement for 500.000 publikummarar som har opplevd 2000 konserttimar, ifølgje analysen.
Ringverknadsrapporten viser også at selskapet med kring 40 tilsette, årleg bidreg med fire millionar kroner i skatteinntekter til stat og kommune.
Og det gjerast heilt utan offentleg støtte – blir det understreka. Terminalen Byscene opna i den gamle rutebilstasjonen i Ålesund i 2015. Selskapet sjølv omsette for nær 20 millionar i 2023.
Musikkens hus i Ålesund?
Under onsdagens jubileumsmarkering for konsertscena blir det mellom anna panelsamtale om undersøkinga.
Under overskrifta «Kan vi lage musikkens hus i Ålesund? Ja!», skal også Momentium-gründerane Ante Giskeødegård og Lars Berg Giskeødegård snakke om sine framtidsvisjonar.
Duoen har bygd opp Momentium til å bli ein av betydeleg aktør i kulturbransjen.
I tillegg til Terminalen, står dei for drifta mellom anna for av Løvenvold Theater og ein rekke festivalar, samtidig som dei har opna konsertscener fleire plassar i landet.
Publisert: 09.04.2025 15:32
Sist oppdatert: 09.04.2025 19:25