Dratt inn i vindmarknaden
NYE OPPDRAG: Mare Safety-sjef Are Garshol seier omdømmet frå dei første båtane sikra selskapet nye, internasjonale oppdrag i vindkraftbransjen.
Nytt

Dratt inn i vindmarknaden

Leveransar til vindkraftmarknaden utgjer minst 25 prosent av inntektene frå båtsalet til Mare Safety i år.

04.09.2019
Mare Safety har utvikla ein eigen servicebåt for vindkraftbransjen til havs. Med lydisolerte styrehus og demping i stolane blir ingeniørar og servicefolk frakta behagleg og stille frå morskipet til vindkraftturbinane.
Den første båten blei levert i 2016. Så langt er tre i drift og to under bygging. Dette er båtar i prisklassen 5-7 millionar kroner, seier dagleg leiar Are Garshol i Mare Safety. Selskapet lagar mellom anna arbeid og redningsbåtar for offshoreindustrien, men har altså også fått innpass i vindkraftmarknaden.
Den siste kontrakten Mare Safety har inngått er med ein internasjonal kunde til bruk i utlandet. Den kontrakten er eit resultat av godt omdømme frå båtar som alt er levert vindkraftmarknaden, i følgje Garshol.
Han anslår at Mare Safety vil selje båtar for 40-45 millionar kroner i år og at 12-15 av desse millionane er båtar til vindkraftmarknaden.

1900 milliardar kroner

Garshol presenterte Mare Safety sine erfaringar frå vindkraftsbransjen på den årlege presentasjonen av status i den internasjonale vindkraftbransjen til havs i Ålesund i dag.
Det er Norwegian Energy Partners som har laga rapporten, som er den tredje i rekka. Norwegian Energy Partners arbeider for at norske bedrifter skal vinne innpass i vindkraftmarknaden.

Prognosane for veksten og investeringane i vindkraftsproduksjonen til havs dei neste fem åra har blitt oppjustert for kvar rapport.
I årets rapport er anslaget ein global produksjonskapasitet på 85 GW i 2024, ein årleg auke på 24 prosent. For å bygge og drive alle desse vindkraftanlegga meiner Norwegian Energy Partners med at det vil bli investert cirka 190 milliardar Euro, cirka 1900 milliardar kroner, i løpet av dei fem neste åra.
Det er altså denne marknaden Mare Safety har tatt ein liten bit av.

Står på sjøbotnen

Kostnadane i vindkraftproduksjon til havs har kome så langt ned at ein del prosjekt no er lønsame sjølv utan subsidiar, i følgje dagleg leiar Jon Dugstad i Norwegian Energy Partners.
Så langt er det vindkraftproduksjon på grunt vatn det handlar om, der turbinane står på havbotnen, men det blir og arbeidd med prosjekt der vindkraftproduksjonen kan skje frå flytande installasjonar.

Publisert: 04.09.2019 14:08

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39