– Sjølv vårt patriotiske hjarte blir sett på prøve no, seier Vartdal Plast-sjef og medeigar Jan Endre Vartdal om problema mangel på straum skaper for selskapet.
Fabrikken ved hovudkontoret på Vartdal i Ørsta har over 100 tilsette. Det er ein fabrikk som selskapet ønskjer å satse vidare på, og behalde som ei sentral produksjonsverksemd i konsernet.
Men straumangelen gjer fabrikken på Vartdal dyrare å drive enn anlegg konsernet har andre stadar i landet, og der tilgangen på straum er betre.
Ein sentraliserande faktor, seier Vartdal om dagens situasjon med straumforsyninga.
På venteliste
Vartdal Plast er eitt av selskapet som er sett på Statnett si venteliste for å få tildelt meir straum.
Fleire aktørar på Nordvestlandet, mellom anna selskapet som skulle forsyne cruiseskipa på Nordfjordeid med landstraum, står på den same lista. Vartdal Plast har søkt om å få tilgang til 12 MW-kapasitet.
På Nordfjordeid er konsekvensen at cruiseskipa framleis let dieselmotorane gå når dei ligg ved kai. Også tilsagnet om Enova-støtte på nesten 20 millionar kroner til finansiering av landstraumanlegget, er trekt attende.
To-sifra millionavgift
Vartdal Plast lagar fiskekasser, islolasjonsmateriale og emballasje i ekspanderbar polystyren - populært kalla isopor.
Til det trengs det varme. Den varmen får Vartdal Plast sin fabrikk på Vartdal ved å fyre med propan. Det gir utslepp av CO2, og dermed CO2-avgift.
CO2-avgifta skal gradsvis aukast fram til 2030, og når vi kjem dit vil avgifta koste fabrikken på Vartdal om lag 20 millionar kroner, anslår selskapet.
Dei utsleppa og den kostnaden vil Vartdal Plast-sjef Jan Endre Vartdal gjerne spare selskapet for. Det kan han ved å erstatte propan med straum, men den får han ikkje.
Årsaka er at det ikkje er kapasitet i leidningsnettet til å levere straumen.
Har anlegg med straum
Vartdal Plast-konsernet har tidlegare i år kjøpt to fabrikkar som produserer byggisolasjon, ein i Spydeberg i Østfold og ein i Stjørdal.
Begge har tilgang på meir straum. Det har også andre av dei tilsaman åtte fabrikkane konsernet har i ulike delar av landet, men ikkje fabrikken der det heile starta.
Skatt
Jan Endre Vartdal meiner CO2-avgifta burde bli brukt for å finansierer tiltak som får CO2-avgifta ned, som til dømes bygging av lraftforsyningskapasitet fram til fabrikken på Vartdal.
Slik er det ikkje i dag, og då er CO2-avgifta i praksis ein rein skatt, som favoriserer investeringar der det er tilgang på straum, og er eit trugsmål mot investering og satsing på stadar som Vartdal, etter Jan Endre Vartdal si vurdering.
Publisert: 04.04.2025 05:00
Sist oppdatert: 04.04.2025 10:18