Nytt
Ekornes med omfattande permitteringar
Har sendt permitteringsvarsel til 900 av totalt 2.300 tilsette etter nedstengingar av butikkar i Europa.
18.03.2020
På grunn av den usikre globale marknadsituasjonen, har Ekornes sendt permitteringsvarsel til 900 av sine tilsette.
Permitteringane er effektive mellom 23. mars og 1. april, og vil vare fram til 1. mai i år, opplyser selskapet.
Det vert presisert at hittil har ingen av dei tilsette fått påvist smitte av korona, men konsernet har i løpet av dei siste vekene opplevd at forhandlarnettverk i Italia, Austerrike og Frankrike har blitt stengde.
No forventar konsernet at tilsvarande nedstengingar kjem til å skje andre stader i Europa og i Nord Amerika.
Det blir opplyst at den sentrale logistikken hittil fungerer både inn og ut, i samsvar med planane. Men ettersom den lokale logistikken, spesielt enkeltbutikkar, stenger ned, vil Ekornes sjå på andre løysingar til å forsyne kundane.
No fokuserer konsernet på å verne om eigenkapitalen og sin finansielle soliditet på grunn av den store usikkerheita om korleis marknaden kjem til å utvikle seg.
Sidan situasjonen utviklar seg raskt, vil Ekornes sjå på andre mulege tiltak.
Trass i tiltaka forventar Ekornes å halde oppe produksjonen, og det vert vist til at det er teikn til betring i Asia.
Ved utgangen av fjoråret hadde Ekornes ei samla renteberande gjeld på 2 482 millionar kroner.
Permitteringane er effektive mellom 23. mars og 1. april, og vil vare fram til 1. mai i år, opplyser selskapet.
Ingen med korona
I ei melding frå selskapet blir det vist til at på grunn av COVID-19-situasjonen er no høgste prioritet sikkerheita og helsa til dei tilsette, samarbeidspartar og dei som kjem med forsyningar.Det vert presisert at hittil har ingen av dei tilsette fått påvist smitte av korona, men konsernet har i løpet av dei siste vekene opplevd at forhandlarnettverk i Italia, Austerrike og Frankrike har blitt stengde.
No forventar konsernet at tilsvarande nedstengingar kjem til å skje andre stader i Europa og i Nord Amerika.
Det blir opplyst at den sentrale logistikken hittil fungerer både inn og ut, i samsvar med planane. Men ettersom den lokale logistikken, spesielt enkeltbutikkar, stenger ned, vil Ekornes sjå på andre løysingar til å forsyne kundane.
Vil verne om pengane
Ekornes opplyser at dagen ordrereserve er på eit tilfredsstillande nivå, men ein forventar ein svikt på kort sikt på grunn av den usikre globale situasjonen.No fokuserer konsernet på å verne om eigenkapitalen og sin finansielle soliditet på grunn av den store usikkerheita om korleis marknaden kjem til å utvikle seg.
Sidan situasjonen utviklar seg raskt, vil Ekornes sjå på andre mulege tiltak.
Betring i Asia
Varselet om permitteringar omfattar tilsette i produksjonen og administrasjonen i selskapa J.E Ekornes, Ekornes AS and Ekornes Scandinavia.Trass i tiltaka forventar Ekornes å halde oppe produksjonen, og det vert vist til at det er teikn til betring i Asia.
Ved utgangen av fjoråret hadde Ekornes ei samla renteberande gjeld på 2 482 millionar kroner.
Publisert: 18.03.2020 17:56
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54