Nytt
Fekk rekordresultat i fjor
Trelast- og byggevarehuset Koppen Industrier i Volda har god vekst og lønsemd.
Kristin Vidhammer
29.07.2016
Koppen Industrier har dobla omsetninga på fem år og fekk i fjor ei omsetning på 85 millionar kroner. Det er ein vekst på nesten 24 prosent frå året før. Resultat før skatt vart 8,6 millionar, det er ny rekord for Volda-selskapet (sjå tabell).
Det er Rune Koppen som eig selskapet, han er også dagleg leiar og styreleiar der.
Koppen Industrier driv med sal av byggevarer til Sunnmøre og Nordjord, samt sal av sjølvbyggarsett til garasjer på heile Vestlandet. Dei spesialdesignar også hytter og naust som byggesett. I tillegg driv selskapet med sal av gran og furu til industrien.
Dei inngjekk i fjor også kontrakt om kjøp av ei større tomt i Volda sentrum for utbygging av boligar.
Selskapet har frå i vår også inngått ei annonseavtale med ei rekkje aviser i Gudbrandsdalen og vidare austover for sal av takprodukt, noko som dei reknar med vil gje auka omsetning på sikt.
Bedrifta har i alt 19 årsverk. Koppen Industrier vart forøvrig starta i 1974 av Elias Koppen.
Det er Rune Koppen som eig selskapet, han er også dagleg leiar og styreleiar der.
Koppen Industrier driv med sal av byggevarer til Sunnmøre og Nordjord, samt sal av sjølvbyggarsett til garasjer på heile Vestlandet. Dei spesialdesignar også hytter og naust som byggesett. I tillegg driv selskapet med sal av gran og furu til industrien.
Dei inngjekk i fjor også kontrakt om kjøp av ei større tomt i Volda sentrum for utbygging av boligar.
Gode utsikter
Rune Koppen skriv i årsmeldina at utsiktene for det komande året ser bra ut. Driftsinntektene i første halvår i inneverande år ligg på omtrent same nivå som fjoråret.Selskapet har frå i vår også inngått ei annonseavtale med ei rekkje aviser i Gudbrandsdalen og vidare austover for sal av takprodukt, noko som dei reknar med vil gje auka omsetning på sikt.
Bedrifta har i alt 19 årsverk. Koppen Industrier vart forøvrig starta i 1974 av Elias Koppen.
Publisert: 29.07.2016 14:17
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:59