Flest bedrifter raaka i varehandelen
STENGT: Mange butikkar på Nordvestslandet er stengt og har permittert tilsette. 
Nytt

Flest bedrifter råka i varehandelen

Fersk bransjeoversikt viser at fleire enn 1100 butikkar har permittert tilsette i Møre og Romsdal. Også reiseliv, servering og industrien er hardt råka av koronakrisa.

Marius Rosbach
26.03.2020
Koronakrisa rammar breitt i næringslivet over heile landet. Torsdag publiserte NAV tal som for første gong gir oversikt over nye permitterte i ulike bransjar i kvart fylke.

I Møre og Romsdal har varehandelen flest nye permitterte med 2590 personar frå 1154 bedrifter (sjå detaljert oversikt i illustrasjon til høgre).
I industrien er 1936 personar permitterte frå 342 verksemder.
I overnattings- og serveringsbransjen er 1572 personar permitterte frå 444 ulike bedrifter.
Til saman er det 10.312 nye permitterte i Møre og Romsdal frå starten av mars. Den veka blei omfattande tiltaka for å hindre smittespreiing innført.
I Vestland er det 24.199 nye permitterte i vekene 11-13. her er varehandel verst råka (6143 søknader), og deretter kjem overnattings- og serveringsbedrifter (5161 søknader) og private tenester (3150 søknader), før industrien (2078 søknader).

Éin av to utan jobb i overnatting- og servering

Overnattings- og serveringsbedrifter - der mange tilhøyrer reiselivet - er verst stilt når det kjem til kor mange i desse yrka som er permitterte.
Heile 43 prosent av dei tilsette i overnatting- og serveringsbransjen i fylket står no utan jobb. Tilsvarande for varehandelen er 16 prosent, medan industrien i fylket no har ei arbeidsløyse på ti prosent, ifølgje (lenke til pdf-fil).

Uroa for reiselivet

NHO Reiseliv åtvara onsdag mot følgende for deira bransje, og viste til at mange reiselivsbedrifter opplever at krisehjelpa ikkje treff dei godt nok.
I eit innlegg ba direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv og regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal om hjelp fra kommunene til tre konkrete tiltak. Mellom desse var ei tilskottsordning.

Les også:


Synspunkt:


Kjem med kompensasjonsordning

Onsdag kveld forsikra næringsminister Iselin Nybø om at det kjem ei ny kompensasjonsordning for bedrifter. Ho har vore i dialog med NHO og Virke, som ønsker at bedrifter som har fått yrkesforbod på grunn av viruskrisa, skal få hjelp til å få dekt kontinuerlege utgifter som husleige.
– Vi snakkar med NHO og Virke om innretninga på ei kompensasjonsordning. Ho må treffe dei bedriftene ho skal, ho må vere dimensjonert riktig, og vi må sikre at pengane kjem raskt, sa ho til Dagbladet.

Les også:





Arbeidsløysa:


Publisert: 26.03.2020 13:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55