Forseinka Kystrute skip
ETTER SKJEMA: Havila Kystruten-sjef Arild Myrvoll.
Nytt

Forseinka Kystrute-skip

Det er stopp i bygginga av to skip for Havila Kystruten ved det spanske verftet Barreras.

23.10.2020
"Det har oppstått utfordringer med designet knyttet til vekt og dypgang. Det har resultert i stans i produksjonen hos Barreras.", skriv Havila Kystruten i ei pressemelding om status for bygging av dei fire skipa som skal i trafikk på strekninga Bergen-Kirkenes frå januar 2021.
To skip er under bygging hos Tersan Shipyard i Tyrkia, to hos det spanske verftet Barrera.

På etterskot i Spania

Det er bygginga i Spania bygginga er på etterskot, og Havila Kystruten skriv i meldinga at konsekvensen kan bli at skipa ikkje blir levert i tide:
"Utfordringene har som har oppstått kan ha innvirkning på den endelige leveringstiden av skipene"
Arild Myrvoll er dagleg leiar i Havila Kystruten. Han seier i pressemelding at det blir arbeidd med å finne løysingar:
"Vi er opptatt av å holde fremdriften. Derfor er vi glade for at disse utfordringene blir avdekt på et så tidlig tidspunkt at vi kan finne gode løsninger. Vi har fått verft og designer til å utrede alternative løsninger, og det vil i løpet av kort tid bli bestemt hvilken løsning som skal velges. Produksjonen blir deretter gjenopptatt."

Ulike byggeprosessar

Det er fire identiske skip det er snakk om, men grunnen til at bygginga kan halde fram i Tyrkia er at dei to verfta har ulike måtar å bygge på. Det gjer at Tersan i Tyrkia kan bygge vidare, sjølv om vektproblema er dei same for alle fire skipa, seier Arild Myrvoll til NETT NO.
Kvart skip kostar i utgangspunktet rundt ein milliard kroner og er teikna av Havyard Design & Solutions. No kan mellom anna pris og leveringstidspunkt bli påverka av vektproblema, i følgje Myrvoll.

Passasjer- og godsruta på strekninga Bergen-Kirkenes har tidlegare vore trafikkert av Hurtigruten åleine. Men då staten la drifta av ruta ut på nytt anbod, i ti år frå 2021, vart kontrakten delt i tre pakkar. Hurtigruten ASA vann to og Havila Kystruten ein av pakkane.

Har pengane

Den spanske avisa skriv at det spanske verftet har sendt eit varsel til Havila Kystruten og oppseiing av kontrakten på grunn av manglande betaling.
Det avviser Arild Myrvoll.
- Vi har ikkje mottatt noko kansellering, seier han.
Havila Kystruten har pengane og finansieringa på plass, i følgje Myrvoll, og forhandlar no med verftet om å finne tekniske løysingar.
Ps: Havila Kystruten er 100 prosent eigd av Havila Holding, som igjen eig 33,4 prosent av Bakkar og Berg Media - utgivarselskapet bak NETT NO.

Publisert: 23.10.2020 07:26

Sist oppdatert: 07.04.2021 18:15