Ulstein group lars luhr olsen pensjonister 1
ULSTEIN: Administrerande direktør Lars Lühr Olsen ved Ulstein Verft fortalde onsdag ei gruppe pensjonistar om arbeidet med å sikre fregattoppdrag til verftet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Verftssjef om fregattoppdrag: – Har plenty med plass

Ulstein-pensjonistar nysgjerrige på utsiktene til å kapre kjempeoppdrag.

Marius Rosbach
03.04.2025

Onsdag var ein rekke tidlegare Ulstein-arbeidarar samla for å få høyre om moglegheitene for at verftet får oppdrag med å utruste nye fregattar. 

Som kjent har Ulstein Group nyleg inngått ein intensjonsavtale med tyske Thyssenkrupp Marine Systems som har lang erfaring med å bygge tilsvarande fartøy. 

– Vi meiner det tyske alternativet utgjer dei største moglegheitene for den maritime klynga på Nordvestlandet, seier verftsdirektør Lars Lühr Olsen til Nett No. 

Konkurrentane kjem frå USA, Storbritannia og Frankrike. 

Fregatt Illustration thyssenkrupp Marine Systems
NYTT DESIGN: Den tyske fregattdesignet har vore nytta i over 20 år og blir no fornya. Om Norge går for å kjøpe slike, kan ein del av arbeidet skje ved Ulstein Verft. Illustrasjon: Thyssenkrupp Marine Systems

Har plass og kapasitet ved verftet
Om Ulstein og deira tyske partnar kaprar kontrakten på bygging av minst fem fregattar til det norske forsvaret, er målet at dei skal bli utrusta ved Ulstein Verft. 

– Vi har plenty med plass og kapasitet til å ta i mot desse fartøya, svara Lühr Olsen på spørsmål frå ein av pensjonistane som lurte på om verftet hadde fysisk plass til fregattane. 

– Dette er skip som typisk er mellom 140 og 170 meter lange, og vi har tørrdokk på 225 meter, la verftssjefen til. 

Ein anna lurte på kva slike oppdrag ville føre til, i form av sikkerheitstiltak.

– Det vil koste og vil blir nøyd til å gjere investeringar ikkje minst i teknologi. Også vil det krevje sikkerheitsklareringar av dei tilsette, svara Lühr Olsen. 

Ventar avgjerd i løpet av året
Ein stappfull parkeringsplass utanfor verftet er eit teikn på at aktivitetsnivået er høgt om dagen. 

Om ein fregattkontrakt kjem i hamn, vil det truleg stige til nivå ein ikkje har opplevd tidlegare. Tidlegare er det kjent at kvar fregatt blir prisa til mellom 7 og 12 milliardar kroner. 

Lühr Olsen er naturleg nok spent. Samtidig er det mykje som er uklart.

Etter dei signala folk i bransjen har fått, blir to fregattalternativ valt vekk – kanskje i løpet av sommaren. I løpet av året er det venta at det kjem ei avgjerd om kva fregattar som skal byggast. 

Ulstein group lars luhr olsen pensjonister 2
FASTE TREFF: Dei tidlegare Ulstein-arbeidarane møtest på verftet ein gong i månaden. Onsdag tok også verftsdirektøren turen for å snakke om moglegheitene til oppdrag for forsvaret. Foto: Marius Rosbach

Ny type tysk fregatt
– Vi håpar å bli med til neste haldeplass, samtidig som vi meiner det er fire gode konkurrentar, seier verftsdirektøren. 

Det tyske alternativet som Ulstein har inngått ein intensjonsavtale om, er ein ny type fregatt omtala som «Meko 400». Enkelte har peika på det som ein bakdel. 

Det er ein innvending verftsdirektøren på Ulstein meiner er «litt tøysete», sa han under pensjonisttreffet.  

Han samanlikna det med at verftet – med fleire tiår lange tradisjonar for å bygge offshoreskip – ikkje har noko problem med å bygge med eit nytt design. 

Vard er med på USA-alternativet
Fleire har óg peika på at det amerikanske alternativet – der Vard er ein av mogleg samarbeidspartnar - er mindre sannsynleg med president Trump sin nye politikk.

Det meiner Lühr Olsen det er vanskeleg å seie noko sikkert om.

– USA er framleis ein veldig viktig alliert, sjølv om det teiknar seg eit litt anna bilde enn vi har vore vande med, seier han.

Publisert: 03.04.2025 05:00

Sist oppdatert: 02.04.2025 23:20

Mer om