Fryktar krise langs kysten utan strakstiltak
KRISEHJELP: Framstegspartiets Sylvi Listhaug (innfelt) vil ha krisehjelp for å hjelpe dei maritime næringane. Mange cruiseskipkontraktar, som her ved Vard Søviknes, har gitt arbeid dei siste åra. Utsiktene er dårleg for nye oppdrag med det første.
Nytt

Fryktar krise langs kysten utan strakstiltak

Sylvi Listhaug (Frp) har fem krav ho vil ha innfridd i revidert statsbudsjett. Maritimt Forum ber dei andre partia følgje opp.

07.05.2020
(NPK-NTB-NETT.NO-Kristian Skårdalsmo: Utan strakstiltak for dei maritime næringane i Kyst-Noreg kan tusenvis av arbeidsplassar gå tapt, fryktar nestleiar Sylvi Listhaug i Framstegspartiet.
Ho fryktar koronapandemien skal rasere delar av den maritime næringa i Noreg, som omfattar tilsette til sjøs, reiarlag, utstyrsleverandørar, tenesteleverandørar og verft langs heile kysten.
– Det må komme tiltak. Viss ikkje, kjem denne næringa til å få store problem. Dermed får mange av distrikta våre store problem, fordi mange arbeidsplassar kan gå tapt, seier Listhaug til NTB.
Ifølgje sysselset skipsfarten og dei maritime næringane rundt 90.000 personar og skaper verdiar for til saman 140 milliardar kroner.

Fem krav

Frp fremjar derfor fem krav til regjeringa i forkant av revidert nasjonalbudsjett tysdag og ein ny tiltakspakke frå regjeringa i slutten av mai:
* Mellombels oppheving av taket på nettolønnsordninga på petroleumsskip i NOR og NIS for å sikre norske sjøfolk og reiarlag gjennom krisa.
* Påskunde bygging av inntil fire skip i mineryddarkonseptet Vanguard og bygging av inntil to forskingsfartøy.
* Toppfinansieringsordning for nye miljøvennlege skip gjennom Innovasjon Noreg og Enova.
* Innføre vrakpant på utrangerte norske skip og riggar.
* Styrkje Garantiinstituttet for eksportkreditt (GIEK) og Eksportkreditt og opprette mellombelse låneordningar gjennom desse.

Hjørnesteinsbedrifter

Listhaug viser til ein , der det i eit hovudscenario kjem fram at 15.500 arbeidsplassar kan forsvinne i dei maritime næringane.
– Mange store verft er hjørnesteinsbedrifter. Viss desse går over ende, blir det heilt krise. For kvar arbeidsplass i verftsindustrien reknar ein med at det blir utløyst 5-6,4 arbeidsplassar i privat og offentleg sektor, seier ho.
Krisa i reiselivet og dermed cruisenæringa utfordrar også verfta, og det må vurderast om staten kan bestille skip, meiner Listhaug.
– Det er planar om å byggje både forsvarsfartøy og forskingsskip. No er tida inne for å setje i gang med det, seier ho.

Les også:



Helst velkomen av Maritimt Forum

Tiltaka Listhaug ber om, er i tråd med fleire tiltak Maritimt Forum har bedt om i eit omfattande innspel til regjeringa for kort tid sidan.
– Dette er kjærkome og kan bli veldig viktig for å titusenvis av maritime arbeidsplassar langs heile kysten, seier dagleg leiar Arnfinn Ingjerd i ei uttale torsdag.
Han lovprisar Frp for å handle raskt og meiner det er spesielt viktig å fjerne maksbeløpet i nettolønsordninga. Det vil gi reiarlaga betre likviditet, påpeiker han.
Ingjerd meiner forslaget om å sette i gang bygging av mineryddarar og inntil to forskingsfartøy, er gode forslag.
– Dette er gryteklare krisetiltak som med ein gong vil ha effekt for sysselsettinga i maritim næring. Difor er det viktig at regjeringa og dei andre opposisjonspartia no følgjer etter, slik at vi får sett i gong desse prosjekta, legg han til.

Fleire tiltak er vedtekne

Dei maritime næringsaktørane i Noreg har spesialisert seg innan høgteknologiske marknadssegment, mellom anna tørrbulk, kjemikalieskip, offshoreskip og frakt av bilar. Dei er verdsleiande på utvikling og bruk av reinare energiløysingar, som flytande naturgass (LNG) og batteri.
Stortinget har vedteke konkrete tiltak for næringa.
Regjeringa har fått beskjed om å doble ramma for oppfølging av handlingsplanen for grøn skipsfart med 100 millionar kroner og leggje fram eit finansieringsprogram for fornying av nærskipsflåten.
Samtidig skal regjeringa foreslå korleis det offentlege kan setje i gang utviklingskontraktar for hurtigbåtar med nullutslepp.

Revidert og ny pakke

Leiaren i finanskomiteen, Mudassar Kapur (H), viser til at det den siste tida er gjort vedtak om fleire krisepakkar for næringslivet.
– For regjeringa er det viktig å sørgje for tiltak som treffer, at dei gir aktivitet, og at tidspunktet er rett, seier han til NTB.
Hjelp til gründerar og oppstartsbedrifter, kontantstøtte til bedrifter, romslege permisjonsreglar og ein eigen bankpakke er blant ordningane.
– Vi har fått fleire konstruktive innspel frå den maritime næringa, og det er viktig å ta vare på arbeidsplassane og kompetansen denne næringa rår over, seier Kapur.
– No må vi vente og sjå kva regjeringa kjem med i revidert nasjonalbudsjett og neste tiltakspakke. Vi er alltid opne for å finne gode løysingar gjennom konstruktiv dialog i Stortinget, seier han.
(©NPK)

Publisert: 07.05.2020 08:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56