God start for nye Evotec
ULSTEINVIK: Fleire nye ordrar til Evotec, her ved salsleiar Geir Henning Kalvatn til venste og Torkjell Ringstad, leiar for sal og marknad.
Nytt

God start for 'nye' Evotec

Ulstein-bedrifta Evotec har kapra fleire nye ordrar. Jaktar fleire tilsette.

07.02.2019
Blant anna skal Evotec levere eit komplett handteringssystem for akustisk kilde til PGS for eit prosjekt som skal gå føre seg i Gulf of Mexico sommaren 2019.
Systemet består av to avanserte hiv-kompenserte vinsjar med spolesystem, samt Evotec sitt kontrollsystem og elektriske driv-linjer for å køyre systema.

- Glad for konkurransen

I ei pressemelding frå selskapet seier prosjektleiar Arne Vatn hos PGS at dei valde å fortsette samarbeidet med Evotec som PGS har hatt eit godt forhold over mange år.
- Og vi er glade for at konkurransen i segmentet seismikk blir oppretthalden, seier han,
Evotec var tidlegare eigd av Kongsberg, men vart i januar overatt av Jogeir Romestrand og hans investeringsselskap Rome.
Bakgrunnen var at Kongsberg Gruppen utifrå konkurranseomsyn måtte selje etter overtakinga av Rolls-Royce Commercial Marine.

- Fullt fokus

Rome overtok samstundes anvsaret for dei rundt 50 tilsette og lova å utvikle Ulstein-bedrifta vidare.

Salsansvarleg Geir Henning Kalvatn hos Evotec er gladd for at selskapet er valt til leverandør av det prestisjetunge prosjektet.
- Her skal vi inn med våre nye motor og drive-løysingar som gjer våre vinsjesystem til verdas mest kompakte, samt med vår aktive hiv-kompensering.
- Alt skal stå ferdig for levering før sommaren kjem, så her trengst det fullt fokus, seier Kalvatn i pressemeldinga.

Treng fleire tilsette

I tillegg opplyser selskapet at ein er i ferd med å ferdigstille ein betalt forstudie på eit offshore oppdrettsanlegg, som igjen kan bli ein ny ordre i dette segmentet etter leveringa til Ocean Farming i løpet av 2019.
I ordreboka er også to nye skidding-system til eit offshore fartøy.
- Vi har akkurat levert eit fullt bakdekk til Havyard Leirvik sin nederlandske pelagiske trålar, i tillegg er vi i ferd med å ferdigstille to komplette handteringssystem til forskningsfarty i Korea, samt eit avansert og full-automatisk nodesystem til seismiske botnundersøkingar.
- Med nye ordrar og endå fleire bein å stå på, så treng vi også fleire folk. Vi søkjer no etter både ingeniørar, service-ingeniørar og flinke framoverlendte seljarar, seier Torkjell Ringstad, leiar for sal og marknad, i pressemeldinga.

Publisert: 07.02.2019 15:17

Sist oppdatert: 29.04.2021 12:39