Green Yard tek over Kleven
TILBAKE: Kjetil Bollestad er tilbake som Kleven-sjef etter at Green Yard tek over som eigar. Tidlegare har dei 225 hovudsakleg utanlandske tilsette i Kleven Maritime Contracting sikra arbeid etter at Langset-konsernet i Molde tok over det selskapet. Pressemeldinga seier ikkje noko om kor manga av dei omlag 200 tilsette ved Kleven Verft som får jobb på verftet ut over at det er eit mål å behalde kjernekompetansen.
Nytt

Green Yard tek over Kleven

Kjetil Bollestad kjem tilbake som Kleven-sjef.

14.07.2020
Green Yard Group tek over vidare drift av Kleven Verft etter avtale med konkursbuet og bankane skriv bustyrar i ei pressemelding. Kleven Verft blir no Green Yard Kleven.
Planen er å bygge skip og ta vare på kjernekompetansen på verftet, "men samtidig utvide virksomheten til nye forretningsområder som kan gi et stabilt arbeidstilfang ved siden av skipsbygging og vedlikehold", heiter det i pressemeldinga.
Dei tilsette blir orientert om overtakinga på eit allmøte i dag, tysdag 14. juli.

Opphogging

I staden for å byggje skip, har Green Yard satsa på ei rekkje andre verftstenester som reparasjonar, ombyggingar, klassing og ikkje minst opphogging av skip og riggar.

Green Yard vart etablert i mars i fjor etter at Simek-verftet i Kvinesdal gjekk konkurs.

Hans Jørgen Fedog, den tidlegare produksjonssjefen på Simek, overtok saman med andre lokale aksjonærar.

Bollestad tilbake

Green Yard som ny eigar betyr også at Kjetil Bollestad kjem tilbake som toppsjef.
– Eg vil ikkje, og kan ikkje, vere ein del av den operasjonen og kulturen som Debeljak er ein del av, sa Kjetil Bollestad til NETT NO 26. juni, etter at det var blitt kjent at bankane hadde avslutta avtalane med verftet.


Rosar dei tilsette

Bustyrar Bjørn Åge Hamre takkar i pressemeldinga både bankane, kreditorane, kontraktspartar og leverandørar for å ha vore tolmodige og gitt bustyret tid til å finne løysingar. Han rosar spesielt dei tilsette for å ha stått på trass stor uvisse for framtida til verftet.
Kleven Verft melde oppbod fredag 3. juli, etter at eigaren, Div Group, mislukkast i å få til ein avtale med bankane som kunne sikre vidare drift.

Hamre kom til Kleven mandag 6. juli, Fredag 10. juli hadde han fått på plass ein avtale med Molde-selskapet Langset, som tok over Kleven sitt bemanningselskap Kleven Maritime Contracting og 225 tilsette.

Kortvarig mellomspel

Kroatiske Div Group tok formelt over som eigar av Kleven Verft tidleg i mars i år, etter at den førre eigaren, Hurtigruten ASA, i lang tid hadde arbeidd med å finne ein ny eigar til verftet.
Ved overtakinga vart det uttrykt stort optimisme.
- Vi ønskjer å vekse her på Kleven og har nokre prosjekt med det same - og håpar på fleire større prosjekt på sikt, sa Div Group-sjef Tomislav Debeljak ved markeringa av overtakinga 3. mars.

Prosjekta kom ikkje.
Debeljak meiner bankane ikkje hadde rett til å avslutte avtalane med Kleven. Då Kleven Verft melde oppbod 3. juli varsla han eit rettsleg etterspel.

Publisert: 14.07.2020 06:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:59