Nytt
- Heilt rett å reindyrke selskapet
Olympic Subsea-direktør Stig Remøy meiner at det var rett å reindyrke selskapet som eit subsea- og fornybarselskap.
02.05.2019
I viser han til at sjølv om vêrmeldinga totalt sett for bransjen var noko betre enn året før, så vart heller ikkje 2018 prega av solskinsdagar og smul sjø.
Det viser att i resultata for Herøy-selskapet, som hadde eit resultat før skatt i fjor på minus 158 millionar kroner.
I tillegg er nedbetalinga av alle sikra banklån kraftig redusert til og med 2020, og alle forfall utsette til september 2021.
"Desto tydelegare vart difor verdien av dei grepa Olympic-konsernet har gjort knytt til reindyrkinga som fornybar- og subsea-selskap", slår han fast i årsrapporten.
Det var under restruktureringa av Olympic Ship i februar 2017, at elleve skip vart lagt under Olympic Subsea.
"Dei elleve fartøya innanfor dette segmentet var i aktivitet sore deler av året, med markant og positiv innverknad på driftsresultatet,"skriv Remøy.
Olympic Subsea står som formell eigar og for drifta av ankerhandterane og PSV-ane i gamle Olympic Ship, men desse er enkeltvis oppkapitaliserte for å klare seg gjennom nedturen, og Olympic Subsea har dei ikkje med i sine rekneskapstal.
Herøy-selskapet hadde ved årsskiftet ei renteberande gjeld på 2,7 milliardar kroner i tillegg til ei obligasjonsgjeld på 256 millionar.
I.P Huse-systemet eig 12,5 prosent gjennom selskapet Seriana, medan Bjørn Kvalsund eig 11,25 prosent gjennom Omega Maritime.
Marin Teknikk-eigarane esit på 6,25 prosent gjennom Marin Group, medan H. Remøy Invest har 0,69 prosent av aksjane.
Det viser att i resultata for Herøy-selskapet, som hadde eit resultat før skatt i fjor på minus 158 millionar kroner.
I tillegg er nedbetalinga av alle sikra banklån kraftig redusert til og med 2020, og alle forfall utsette til september 2021.
Satsar på elleve skip
Men Remøy meiner at satsinga på subsea- og fornybarfeltet vil vise seg å vere rett sett i forhold til den vanskeleg situasjonen for bransjen."Desto tydelegare vart difor verdien av dei grepa Olympic-konsernet har gjort knytt til reindyrkinga som fornybar- og subsea-selskap", slår han fast i årsrapporten.
Det var under restruktureringa av Olympic Ship i februar 2017, at elleve skip vart lagt under Olympic Subsea.
"Dei elleve fartøya innanfor dette segmentet var i aktivitet sore deler av året, med markant og positiv innverknad på driftsresultatet,"skriv Remøy.
Trur på gradvis forbetring
Han trur likevel på litt lavare aktivitet på kort sikt, medan han på lang sikt trur på gradvis forbetring knytt til auka oljepris og lavare break even for oljeselskapa.Olympic Subsea står som formell eigar og for drifta av ankerhandterane og PSV-ane i gamle Olympic Ship, men desse er enkeltvis oppkapitaliserte for å klare seg gjennom nedturen, og Olympic Subsea har dei ikkje med i sine rekneskapstal.
Herøy-selskapet hadde ved årsskiftet ei renteberande gjeld på 2,7 milliardar kroner i tillegg til ei obligasjonsgjeld på 256 millionar.
Remøy-dominert
Stig Remøy er hovedaksjonær gjennom SSR Invest med 69,31 prosent av aksjane.I.P Huse-systemet eig 12,5 prosent gjennom selskapet Seriana, medan Bjørn Kvalsund eig 11,25 prosent gjennom Omega Maritime.
Marin Teknikk-eigarane esit på 6,25 prosent gjennom Marin Group, medan H. Remøy Invest har 0,69 prosent av aksjane.
Publisert: 02.05.2019 18:50
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34