Nytt
- Interessa for lokalmat har eksplodert
Frøysagarden tredoblar saueflokken og tar imot all laks dei får tak i.
13.09.2019
- Det går veldig bra. Vi har ikkje angra ein dag på at vi satsa på lokalmat.
Det seier Linn Katrin Klokk ved Frøysagarden i Sykkylven.
Garden ligg i Ramstaddalen, og saman med mannen Hans Fredrik vart garden kjøpt i 2008.
- Alt er totalrenovert, og vi har nyleg utvida fjøsen med 400 kvadratmeter.
Noko er oppdrettslaks, anna er villaks.
- Vi tek imot all den villaksen vi får kjøpt, seier Hans Fredrik Klokk.
I tillegg satsar ein stort på sauehald av gamalnorsk sau.
- Her har vi hatt rundt 75 vinterfora sauer. No aukar vi til 200-250.
- Vi saltar og tørkar sjølve. Alt vert gjort på gamal, god handverksmessig vis, seier Linn Katrin Klokk.
- Vi driv også gardsbutikk, i tillegg til at vi deltek på salsmesser rundtom i landet.
Hans Fredrik Klokk seier at interessa for lokalmat har eksplodert.
- Stadig fleire får opp augene for kvaliteten i den lokalproduserte maten.
- Folk vil ha nærmat.
Det seier Linn Katrin Klokk ved Frøysagarden i Sykkylven.
Garden ligg i Ramstaddalen, og saman med mannen Hans Fredrik vart garden kjøpt i 2008.
- Alt er totalrenovert, og vi har nyleg utvida fjøsen med 400 kvadratmeter.
Laks og sau
Under merkenamnet Frøysagarden sel paret ei rekkje ulike lakseprodukt som gravlaks og varmrøykt krydderlaks.Noko er oppdrettslaks, anna er villaks.
- Vi tek imot all den villaksen vi får kjøpt, seier Hans Fredrik Klokk.
I tillegg satsar ein stort på sauehald av gamalnorsk sau.
- Her har vi hatt rundt 75 vinterfora sauer. No aukar vi til 200-250.
Vil byggje ny kjøtavdeling
Alt slaktet vert handtert heime på garden, der det blant anna vert produsert pinnesider, fenalår, dampemôr og spekemôr.- Vi saltar og tørkar sjølve. Alt vert gjort på gamal, god handverksmessig vis, seier Linn Katrin Klokk.
- Vi driv også gardsbutikk, i tillegg til at vi deltek på salsmesser rundtom i landet.
Fleire vil ha nærmat
På garden har paret under prosjektering ei ny kjøtavdeling med tørkeanlegg slik at ein kan produsere både kjøt og fisk samstundes.Hans Fredrik Klokk seier at interessa for lokalmat har eksplodert.
- Stadig fleire får opp augene for kvaliteten i den lokalproduserte maten.
- Folk vil ha nærmat.
Her har vi hatt rundt 75 vinterfora sauer. No aukar vi til 200-250
Publisert: 13.09.2019 08:49
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:39