Nytt
– Kan vere ein marknad for mange bedrifter
Oddvar Mikkelsen i bondelaget trur mykje teknologi i det lokale næringslivet kan nyttast på alternative måtar i landbruket.
Marius Rosbach
24.10.2019
Landbruket samla seg torsdag til Farm 2019 - Innovasjonskonferansen for landbruket på Giske. Oddvar Mikkelsen frå Møre og Romsdal bondelag var mellom innleiarane og har vore primus motor for konferansen.
– Vi vil forsøke å få landbruket meir anerkjent som ei vesentleg næring i Møre og Romsdal, seier han til NETT NO.
Han meiner landbruket ofte kjem i skuggen av næringar som havbruk, fiskeri og møbel både i media og til dømes fylkeskommunale planar.
– Landbruket kan ha behov for den teknologien og kunnskapen som finst i andre miljø av næringslivet, spesielt i næringsklyngene kring Ålesund som ikkje tenkjer landbruk i dag. Vi kan vere ein marknad for mange bedrifter, og det same kan landbruket globalt vere, legg han til.
– Om du kan lage ein skipspropell som er verdas beste til å drive eit skip framover, så kan du truleg lage ein kuttekniv i ei forvogn som skal vere i eit surt miljø og som ikkje slitast ut for fort.
Landbruket er mindre utsett for konjunktursvingingar enn mange andre bransjar. Difor trur Mikkelsen at bedrifter frå andre næringar kan skaffe seg eit ekstra bein å stå på i denne marknaden.
Tor Kristian Stevik i lokalmatsatsinga Bazeat er mellom andre som skal ha innlegg under konferansen. Han fortalde til etter at dei opna den første utsalsstaden, eller sentralen, for lokalmat ved Mylna i Volda.
Til konferansen som blir leia av Heidi Nakken, kjem mellom anna også Petter Velle frå Reko-ringen og lokalmatprodusent Lisa Mari Breivik Anderson frå Gode Greier i Ulstein.
– Vi vil forsøke å få landbruket meir anerkjent som ei vesentleg næring i Møre og Romsdal, seier han til NETT NO.
Han meiner landbruket ofte kjem i skuggen av næringar som havbruk, fiskeri og møbel både i media og til dømes fylkeskommunale planar.
Ein alternativ marknad
Kvardagen til bøndene er i endring og stikkord for konferansen ved Øygardshallen er nye salskanalar, dataflyt og næringssirkulasjon. Mikkelen påpeiker at det skjer mykje innovasjon i landbruksnæringa, men at dei også kan vere ein marknad.– Landbruket kan ha behov for den teknologien og kunnskapen som finst i andre miljø av næringslivet, spesielt i næringsklyngene kring Ålesund som ikkje tenkjer landbruk i dag. Vi kan vere ein marknad for mange bedrifter, og det same kan landbruket globalt vere, legg han til.
Les også:
Mindre utsett for konjunkturar
Mikkelsen trur mykje teknologi kan nyttast på alternative måtar, og peiker på produksjon av skipsutstyr som eitt område.– Om du kan lage ein skipspropell som er verdas beste til å drive eit skip framover, så kan du truleg lage ein kuttekniv i ei forvogn som skal vere i eit surt miljø og som ikkje slitast ut for fort.
Landbruket er mindre utsett for konjunktursvingingar enn mange andre bransjar. Difor trur Mikkelsen at bedrifter frå andre næringar kan skaffe seg eit ekstra bein å stå på i denne marknaden.
Arrangert for andre gong
Konferansen blei arrangert for første gong i fjor og i år var det 100 påmeldte. Mikkelsen skulle gjerne sett at det hadde vore fleire, men satsar på at det vil bli eit årleg arrangment som vil vekse seg større.Tor Kristian Stevik i lokalmatsatsinga Bazeat er mellom andre som skal ha innlegg under konferansen. Han fortalde til etter at dei opna den første utsalsstaden, eller sentralen, for lokalmat ved Mylna i Volda.
Til konferansen som blir leia av Heidi Nakken, kjem mellom anna også Petter Velle frå Reko-ringen og lokalmatprodusent Lisa Mari Breivik Anderson frå Gode Greier i Ulstein.
Lokalmatportal:
Publisert: 24.10.2019 12:41
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42