Nytt
Koronaboom i byggvarehandelen
I bransjen Rune Koppen er i har koronatiltaka gitt ein boom.
29.04.2020
- Det har vore rett i taket i lengre tid, seier Rune Koppen, dagleg leiar og eigar av byggevareselskapet Koppen Industrier i Volda.
Han snakkar om etterspørselen etter byggevarer etter at koronatiltaka kom, og folk måtte vere meire heime.
Tal frå bransjeforeininga Virke Byggevarehandel viser at privatkundar handla for 19,7 prosent meir av material, maling og andre byggevarer i mars i år enn i mars 2019.
Veksten kom nokså umiddelbart etter at tiltaka for å begrense koronasmittespreing vart innført 12. mars, i følgje Koppen.
Dagleg leiar Emil Allesøe i Byggtorget Stryn Trelast seier dei først var uvisse på korleis koronatiltaka skulle slå ut, og vurderte både om dei måtte stenge og permittere.
Stenging blei det ikkje noko av.
- Vi beslutta at vi prøvar, og så ser vi, sier Allesøe.
Noko av det første han såg var at permitteringsplanane kunne leggast i skuffa. Salet er minst like godt i koronatida som den var i same periode i fjor, og no er terassebyggesesongen i gang.
Medan forventningane er at privatkundar også framover vil legge att meir pengar hos byggevarebedriftene, er det mørkare skyer for proffmarknaden - som står for omlag 65 prosent av driftsinntektene til byggvarebedriftene, i følgje Virke Byggevarehandel.
Desse kundane er avhengig av aktivitetsnivået i nybygging- og anleggsmarknaden, seier bransjedirektør Aslaug Koksvik i Virke Byggevarehandel. I mars auka byggevarehandelen til proffmarknaden med 4,8 prosent.
Frykta er at det proffmarknaden vil krympe. Virke Byggevarehandel har foreslått fleire tiltak for å halde aktiviteten oppe, mellom anna å framskunde vedlikehald av offentlege bygg, støtte til å gjere eksisterande bygg meir energieffektive og skattefrådrag for oppussing.
Han snakkar om etterspørselen etter byggevarer etter at koronatiltaka kom, og folk måtte vere meire heime.
Tal frå bransjeforeininga Virke Byggevarehandel viser at privatkundar handla for 19,7 prosent meir av material, maling og andre byggevarer i mars i år enn i mars 2019.
Veksten kom nokså umiddelbart etter at tiltaka for å begrense koronasmittespreing vart innført 12. mars, i følgje Koppen.
Droppa permittering
NETT NO har snakk med fleire byggevarefirma på Nordvestlandet om korleis marknaden deira har utvikla seg under koronatiltaka. Dei rapporterer om minst like godt sal - eller betre - enn i fjor.Dagleg leiar Emil Allesøe i Byggtorget Stryn Trelast seier dei først var uvisse på korleis koronatiltaka skulle slå ut, og vurderte både om dei måtte stenge og permittere.
Stenging blei det ikkje noko av.
- Vi beslutta at vi prøvar, og så ser vi, sier Allesøe.
Noko av det første han såg var at permitteringsplanane kunne leggast i skuffa. Salet er minst like godt i koronatida som den var i same periode i fjor, og no er terassebyggesesongen i gang.
Mørke skyer
Byggevarebedriften deler gjerne marknad i to delar, privatkundar og profesjonelle kundar.Medan forventningane er at privatkundar også framover vil legge att meir pengar hos byggevarebedriftene, er det mørkare skyer for proffmarknaden - som står for omlag 65 prosent av driftsinntektene til byggvarebedriftene, i følgje Virke Byggevarehandel.
Desse kundane er avhengig av aktivitetsnivået i nybygging- og anleggsmarknaden, seier bransjedirektør Aslaug Koksvik i Virke Byggevarehandel. I mars auka byggevarehandelen til proffmarknaden med 4,8 prosent.
Frykta er at det proffmarknaden vil krympe. Virke Byggevarehandel har foreslått fleire tiltak for å halde aktiviteten oppe, mellom anna å framskunde vedlikehald av offentlege bygg, støtte til å gjere eksisterande bygg meir energieffektive og skattefrådrag for oppussing.
Publisert: 29.04.2020 06:00
Sist oppdatert: 02.08.2021 10:13