Kritisk i kultur og serveringsbransjen
STENGT: Erik Valderhaug (innfelt oppe) hadde ei kjempeår til koronapandemien sette inn medan Lars Berg Giskeødegard og Ante Giskeødegård (innfelt nede) i Momentium har utsett alle konsertar ved Terminalen på ubestemt tid.
Nytt

Kritisk i kultur- og serveringsbransjen

I løpet av litt over ei veke har det blitt bråstopp i kultur- og serveringsbransjen.

Varer koronaeffekten lenge er det mange som bukkar under innan hausten fryktar Momentiumgründer og medeigar Ante Giskeødegård.

- Det her har skjedd utruleg fort, seier han.

No har Momentium stengt konsertscena Terminalen i Ålesund. Alle konsertar er utsett på ubestemt tid. Serveringsstaden Molo og restauranthuset Bro - der Momentiumeigarane er inne på eigarsida - har også låst dørene. I øvrige Momentium-selskap blir det også permitteringar.

Knallstart på året

Erik Valderhaug, medeigar i selskapet Lydkjelleren som riggar lys og lysutstyr på konsertar og andre arrangement, har også sett marknaden slokne nesten over natta.

- Veldig bra, vi har hatt eit kjempeår hittil, seier Valderhaug om korleis situasjonen var for to veker sidan. Sist helg vekk dei tilsette permisjonsvarsel, no er 10-12 permitterte.

- Vi har ikkje noko val, for vi får ikkje ei einaste krone inn, seier Valderhaug.

Kritisk for bransjen

- Det vi lever for og av er å samle folk, seier Ante Giskeødegård.

No går ikkje det, og konsekvensen kan bli svært alvorleg for artistar, arrangørar og alle aktørarane som må til for å gjennomføre konsertar, andre kulturarrrangement og arrangement.

- Dette er ei global krise. Dei som merka det først var fly- og reiselivsnæringa og aller mest dei som driv med arrangement. For heile bransjen dette inntektsgrunnlaget vekk. Varer dette her veldig lenge er det ikkje så mange igjen til hausten, seier Giskeødegård.

Treng hjelp

Både Giskeødegård og Valderhaug har håp om at regjeringa skal kome med tiltak som kan hjelpe aktørane i kultrubransjen gjennom koronakrisa.

På ønskelista står tiltak som kan reduserer kostnadane og gir bedriftene pusterom; at staten dekkjer ein større del av rekninga når bedriftene permitterer, at betaling av skattar og avgifter blir utsett - og helst redusert, at bankane får føringar om rentekutt og at det kjem støtteordningar for arrangørar som må avlyse.

Bedriften må vere i stand til å drive vidare etter at koronakrisa er over.

- Det kjem til å gå over, og så må ei stå på beina når denne driten er over, seier Giskeødegård.

Få varslar om større permitteringar

Førebels er det få andre utanom kulturbransjen som har starta å permittere folk.

Fredag føremiddag hadde NAV i Møre og Romsdal fått få varslar frå bedrifter som planlegg å permittere fleire enn ti tilsette.

– Vi høyrer mange bedrifter som snakkar om det og gjer fortløpande vurderingar om korleis dei skal takle situasjonen vi er inne i. Men førebels er det relativt få varsel, seier fylkesdirektør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal til NETT NO.

Bedrifter som vurderer å permittere ti eller fleire tilsette, skal varsle NAV om dette. Det er venta at fleire bedrifter blir tvungne til dette når dei blir råka av koronapandemien.

Trur mange er i tenkeboksen

NAV opplyser ikkje om kva for bedrifter dei får varslar frå, mellom anna fordi det kan skje på eit tidspunkt når dei tilsette ikkje er informert. Det er heller ikkje sikkert at permitteringane faktisk blir gjennomført.

Fylkesdirektøren trur mange bedrifter førebels er i tenkeboksen, men at nokre bransjar allereie utmerkar seg.

– Det openberre er hotell- og restaurantverksemder. Samtidig ser vi at verksemder som er avhengige av internasjonal handel, ved at dei til dømes kjøper varer i utanlandsk valuta, er spesielt sårbare, seier Veland.

Han trur rentekuttet Norges Bank gjorde fredag, også kan føre til at nokre verksemder kan få ein litt lengre horisont.

Vi har ikkje noko val, for vi får ikkje ei einaste krone inn

Publisert: 13.03.2020 12:07

Sist oppdatert: 06.07.2023 10:57

Mer om