Nytt
Lokalmatportal: – Alle pilar peiker opp
Produsentane får betre betalt og kundane billigare og sunnare mat. Erfaringane med direktesal er gode så langt for Bazeat.
Marius Rosbach
16.10.2019
Etter eit par månadar i full drift kan Tor Kristian Stevik i lokalmatsatsinga Bazeat melde om stor interesse og gode tilbakemeldingar frå både kundar og produsentar.
– Alle pilar peiker oppover både med tanke på kor tilfredse kundane og produsentane er, og korleis teknologien fungerer, fortel mannen som er dagleg leiar og forretningsutviklar til NETT NO.
Neste veke er han mellom dei som kjem til Farm 2019 - Innovasjonskonferansen for landbruket på Giske torsdag 24. oktober. Nye salskanaler, dataflyt og næringssirkulasjon er mellom stikkorda for konferansen som går av stabelen ved Øygardshallen.
Til konferansen som blir leia av Heidi Nakken, kjem mellom anna også Petter Velle frå Reko-ringen og lokalmatprodusent Lisa Mari Breivik Anderson frå Gode Greier i Ulstein.
Kundane kan anten gjere handelen digital på førehand, eller der og då ved Bazpoint-et. Ved sentralen er eit mindre utval varer, men via nettportalen er det tilnærma ubegrensa.
– Vi har opplevd svært stor interesse. Tilbakemeldingane har vore berre positive frå kundane. Mange er opptekne av kvar maten kjem frå og vil bidra til ein meir rettferdig mathandel, seier Stevik.
På Farm-konferansen vil han fortelje korleis slik direktesal kan bidra til å styrke primærnæringane – og gi meir nyskaping.
– Berekraft handlar ikkje berre om miljø, men også at dei som lagar maten skal få betre betalt. Heile ideen med direktehandel er å fjerne mellomledd, slik at det både vert lågare pris for konsumenten og høgare pris for produsenten, seier Stevik.
NETT NO har vore i kontakt med lokalmatprodusentar som stadfestar at dei kan få opptil to og ein halv gong betre betalt ved å selje via nettportalen.
– Løysinga er også enkel for produsentane ved at det kan handtere alt frå mobiltelefonen.
– Mykje av netthandelen i dag er førebels berre ein digital utgåve av ein vanleg matbutikk. Konstruksjonen med matvarekjeder blei lagt på 1960- og 70-talet, men i dag har vi teknologi som gjer at vi kan tenkje annleis, seier han.
Selskapet Creeact som har utvikla teknologien, og Mylna får høvesvis fire og seks prosent kvar av omsetnaden frå handelen. Planen er at Volda-sentralen berre skal vere den første av ein rekkje tilsvarande punkt for direktehandel med lokalmat.
(ekstern lenke)
– Alle pilar peiker oppover både med tanke på kor tilfredse kundane og produsentane er, og korleis teknologien fungerer, fortel mannen som er dagleg leiar og forretningsutviklar til NETT NO.
Neste veke er han mellom dei som kjem til Farm 2019 - Innovasjonskonferansen for landbruket på Giske torsdag 24. oktober. Nye salskanaler, dataflyt og næringssirkulasjon er mellom stikkorda for konferansen som går av stabelen ved Øygardshallen.
Til konferansen som blir leia av Heidi Nakken, kjem mellom anna også Petter Velle frå Reko-ringen og lokalmatprodusent Lisa Mari Breivik Anderson frå Gode Greier i Ulstein.
Første Bazpoint i Volda
I august opna den lokale statsråden Jon Georg Dale den første utsalsstaden, eller sentralen, for lokalmat ved Mylna i Volda.Kundane kan anten gjere handelen digital på førehand, eller der og då ved Bazpoint-et. Ved sentralen er eit mindre utval varer, men via nettportalen er det tilnærma ubegrensa.
– Vi har opplevd svært stor interesse. Tilbakemeldingane har vore berre positive frå kundane. Mange er opptekne av kvar maten kjem frå og vil bidra til ein meir rettferdig mathandel, seier Stevik.
På Farm-konferansen vil han fortelje korleis slik direktesal kan bidra til å styrke primærnæringane – og gi meir nyskaping.
Les også:
Billigare og betre betalt
I tillegg til at mange ønskjer lokalmat på grunn miljøet, er varene gjerne billigare enn på vanlege butikkar – og ordninga gir meir lønnsemd hos produsentane.– Berekraft handlar ikkje berre om miljø, men også at dei som lagar maten skal få betre betalt. Heile ideen med direktehandel er å fjerne mellomledd, slik at det både vert lågare pris for konsumenten og høgare pris for produsenten, seier Stevik.
NETT NO har vore i kontakt med lokalmatprodusentar som stadfestar at dei kan få opptil to og ein halv gong betre betalt ved å selje via nettportalen.
– Løysinga er også enkel for produsentane ved at det kan handtere alt frå mobiltelefonen.
Trur på store endringar
Stevik trur mathandel står framfor tilsvarande endringar som ein har opplevd i bankbransjen og musikkverda. Dagens netthandel med mat er berre forløparen trur han.– Mykje av netthandelen i dag er førebels berre ein digital utgåve av ein vanleg matbutikk. Konstruksjonen med matvarekjeder blei lagt på 1960- og 70-talet, men i dag har vi teknologi som gjer at vi kan tenkje annleis, seier han.
Selskapet Creeact som har utvikla teknologien, og Mylna får høvesvis fire og seks prosent kvar av omsetnaden frå handelen. Planen er at Volda-sentralen berre skal vere den første av ein rekkje tilsvarande punkt for direktehandel med lokalmat.
(ekstern lenke)
Publisert: 16.10.2019 17:16
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:42