Mafoss vil famne breiare
OPTIMISK: Styreleiar Oddvar Saunes i Mafoss er optimisk for framtida, trass utfordringar dei siste åra. 
Nytt

Mafoss vil famne breiare

Foreininga som i 50 år har vore viktig for den maritime industrien, vil også ha med seg marine verksemder om bord.

Marius Rosbach
22.11.2019
Maritim Forening for Søre Sunnmøre (Mafoss) markerte fredag sine første 50 år.
Styreleiar Oddvar Saunes la ikkje skjul på at nedturen som har råka den maritime industrien etter 2014 har vore den tøffaste krisa næringa har vore oppe i. Han viste mellom anna til at talet på dei tilsette i medlemsbedriftene har gått ned frå 3600 til 2400 dei fem siste åra.

Vil inkludere marine verksemder

Likevel var Saunes optimistisk med tanke på framtida og at klynga framleis ville hevde seg i verdstoppen.
– Vi klarte å få det til på forsyningsskip. Kvifor skal vi ikkje klare det på andre skipstyper, sa Saunes og trekte fram styrkane ved den maritime klynga.
Styreleiaren fortalde at han er ope for å invitere fleire medlemmar inn i foreininga som i si tid starta med sju skipsverft frå Ulstein, Herøy og Hareid. Det vil bli ein del av diskusjonen kring ny strategi for Mafoss.
– Vi diskuterer om vi også bør omfatte marine verksemder, då dette også er viktig for næringsutvikling i samband med havrommet framover, sa Saunes og sa han ville legge fram forslag om ei slik endring for årsmøte tidleg neste år.

Mafoss-leiar:


Trur på nytta av hav-laboratorium

I dag har Mafoss 43 medlemsbedrifter og Saunes er sjølv ein veteran i industrien med bakgrunn både frå Ulstein, Evotec og verkemiddelapparatet.
Saunes har stor tru på at industrien vil få stor nytte av Møre Ocean Lab som er ein del av kjempeprosjektet på gang i regi av mellom anna NTNU.
– Dette må vi ta fatt i og utnytte. Nokre er allereie i gong, men fleire burde melde seg på, for her er det enorme moglegheiter, sa styreleiaren.

Høgdepunkt med dobbeltdåp

Saunes trekte linjene tilbake til starten i 1969 med dei første oljefunna – og betre tider for fotballklubben Hødd. Han la vekt på kva betydning foreininga har hatt for å styrke lokalsamfunnet.
Saunes meinte dobbeltdåpen av to hurtigruteskip på 1990-tallet kanskje var høgdepunktet for den maritime klynga så langt.
– Makan til oppslutnad med båtar og folk inne på Lyngnesvika trur eg aldri har vore sett, og det står att å sjå om det kjem igjen, sa han.

Les også:



Vi klarte å få det til på forsyningsskip. Kvifor skal vi ikkje klare det på andre skipstyper

Publisert: 22.11.2019 15:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45