Nofence emisjon i boks
VEKST: Nofence-gründer Oscar Hovde Berntsen grunnla selskapet i 2011. No har han fått med seg nye investorar på eigarsida med pengar som skal hjelpe selskapet i eksprotmarknaden.
Nytt

Nofence-emisjon i boks

Har henta inn 30 millionar kroner. 

21.12.2020

Nofence på Batnfjordsøra har utvikla ein klave som held dyra innanfor eit område ved hjelp av lyd- og straumsignal, og skal bruke pengane frå kapitalutviding til å vekse i eksportmarknadane. Området dyra skal vere i kan regulerast frå mobilen, og systemet skaper eit usynleg og flyttbart gjerde. Det sparer bøndene både for arbeid og pengar samanlikna med å sette opp eit fysisk gjerde.

Nofence starta i 2011 og har enno til gode å tene pengar.

– Etter planen skal vi begynne å gjere det i 2021. No skal vi starte på reisa med å skape lønsemd, sa grunnleggar Oscar Hovde Berntsen då han møtte andre gründarar på eit Næringsteft-arrangement i desember 2019.


Lukkast i kapitalmarknaden

No har mellom andre investeringsselskapa Wiski Capital (som Gustav Witzøe står bak), Norselab og Momentum (med Odfjell-familien som mediegar) frå Bergen gått inn som aksjonærar gjennom kapitalutvidinga i haust,

I dag har selskapet 16 tilsette og vil få 26 millionar kroner i driftsinntekter, skriv Shifter.

Godkjenninga frå Mattilsynet kom i 2017 og utbetringar av klave og system har selskapet også utvikla klavar for storfe, som utvidar marknaden.

Publisert: 21.12.2020 09:24

Sist oppdatert: 15.12.2021 14:40

Mer om