Nytt
Opnar bank-kontor på Digernesskiftet
Sparebanken Møre samlar tilsette på Vatne, Skodje og Stordal i nytt kontor på Digernesskiftet.
03.03.2020
Det nye kontoret på Digernesskiftet får 8-9 faste medarbeidarar i tillegg til at banken sine folk som arbeider med næringsliv og eigedomsmekling vil bruke bygget.
Kontora på Vatneeidet og i Skodje sentrum blir lagt ned, medan kontoret i Stordal blir ope nokre dagar i veka.
Medrekna kontoret på Digernesskiftet og nedlegginga i Skodje og på Vatneeiodet har Sparebanken Møre 27 kontor.
- Kundane, i minst like stor grad som tidlegare, ønskjer fysiske møte, seier Elisabeth Blomvik, som er sjef for personkundemarknaden i Sparebanken Møre.
Sparebanken er den første tenesteytande bedrifta som flyttar inn. Erland Reite i Wenaas Kapital, som eig og utviklar store deler av området, seier dei har stor interesse frå andre tenesteytande bedrifter for å flytte inn, spesielt innan helsetenester.
Kontoret på Digernesskiftet kjem til å prøve ut alternative opningstider, mellom anna for å nå folk utanom vanleg arbeidstid.
Kontora på Vatneeidet og i Skodje sentrum blir lagt ned, medan kontoret i Stordal blir ope nokre dagar i veka.
Medrekna kontoret på Digernesskiftet og nedlegginga i Skodje og på Vatneeiodet har Sparebanken Møre 27 kontor.
- Kundane, i minst like stor grad som tidlegare, ønskjer fysiske møte, seier Elisabeth Blomvik, som er sjef for personkundemarknaden i Sparebanken Møre.
Først ute
Hittil er det handel, transport- og distribusjonsselskap og industribedrifter som er etablert på Digernesskiftet.Sparebanken er den første tenesteytande bedrifta som flyttar inn. Erland Reite i Wenaas Kapital, som eig og utviklar store deler av området, seier dei har stor interesse frå andre tenesteytande bedrifter for å flytte inn, spesielt innan helsetenester.
Når pendlarar
Eitt av poenga med å etablere kontor på Digernesskiftet er å nå pendlarar som passerer trafikk-knutepunktet til å frå arbeid, i følgje Terje Krøvel, leiar for næringslivsmarknaden i banken.Kontoret på Digernesskiftet kjem til å prøve ut alternative opningstider, mellom anna for å nå folk utanom vanleg arbeidstid.
Publisert: 03.03.2020 09:01
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53