Rosar tilsette og eigarar etter rekordaar
REKORD: God vekst og rekordår for Ulmatec Handling Systems, her dagleg leiar Iver Bjørnerem og salssjef Bjørn Roppen framfor portar til Havila Kystruten.
Nytt

Rosar tilsette og eigarar etter rekordår

Hareid-bedrifta leverer rekordresultat, og styrer mot nytt godt år. Sjefen rosar dei tilsette og eigarane.

25.06.2019
- Vi er så heldige å ha dyktige og effektive tilsette samt langsiktige lokale eigarar, som alltid stiller opp.
- No får dei att for å ha satsa på bedrifta.
Det seier dagleg leiar Iver Bjørneren i Ulmatec Handling Systems.
Hareid-bedrifta omsette i fjor for 110,5 millionar kroner, vel 28 millionar meir enn året før.

Nye kontraktar

Resultatet før skatt betra seg frå 3,5 til 6,2 millionar kroner.
Begge deler er nye rekordar.
Ordrereserven ved årsskiftet var rekordhøg og inneverande prognoser for 2019 viser ei tilsvarande omsetningsauke som fjoråret.
- Vi har nesten fylt opp for resten av året. Seinaste vekene har vi både signert ei større seismikk-kontrakt for ein europeisk aktør samt ei ny kontrakt innan subsea-segmentet, seier Bjørnerem.

- Langt frå Polen

Salssjef Bjørn Roppen er godt nøgd med salsvolumet dei siste åra trass ein tøff marknad.
- Vi er fleksible, og er i tillegg kjende for å levere på tid.
- Det er langt frå Polen når du skal levere fort, så det å ha mulegheit for både å sveise og maskinere internt i Ulmatec-konsernet gir oss ein god diversifiseringsfaktor.
Han opplyser at selskapet framleis har noko ledig kapasitet, men ein kan kome til å måtte prioritere vekk arbeid på kort sikt.
- Ja, dette kjem av at vi er svært opptekne av å gjennomføre leveransane på den tida og med den kvaliteten vi har lova.

Mange segment

Etter å ha satsa mykje på såkalla LARS-ar (launch and recovery system, red merk) til offshorefartøy, har ein no leveransar til også passasjerbåtar, offshore vindfartøy, yacht og fiskeri. I tillegg er Ulmatec ein totalleverandør av handteringsløysingar for bakdekk og i sjøen utstyr til seismikksegmentet saman med Ulmatec Baro.
I produksjonslokala vert det no blant anna laga gangveg og portsystem til Havila Kystruten sine fire fartøy.
Også til Vard-bygde REV og dei Kleven-bygde ekspedisjonscruiseskipa Roald Amundsen og Fridftjof Nansen har selskapet store leveransar. Blant anna gjeld det dører, portar og logistikkløysingar for passasjerar, bilar og helikopter.

Viktige verft

Roppen seier at svært mykje av arbeidet er knytt til leveransar på dei store verfta som Vard, Kleven, Ulstein og Havyard.
- Desse verfta er svært viktige for oss. Det er også svært gledeleg at skipsdesignarane kjem til oss med forespørslar rundt ulike spesifikasjonar, slik at vi har god nytte av det maritime klyngesamarbeidet.
- I tillegg er det viktig å nemne alle reiarane i inn- og utland som set pris på våre innovative og spesialtilpassa løysingar
Hareid-selskapet har 28 eigne tilsette, og har siste tida hatt rundt ti innleigde i tillegg.
Bjørnerem seier at det fort vert aktuelt med fleire tilsette.
- Ja, vi ser stadig etter dyktige folk.

Utvidar på Hareid

Selskapet har ei langsiktig gjeld på sju millionar kroner, to millionar mindre enn ved førre årsskifte etter å ha gjennomført store investeringar i kaianlegg og basefunksjonar på Hareid.
- Som ein ser satsar vi ytterlegare, og vi er i gang med neste byggetrinn på anlegget/basen.
- Dette blir eit kjempeanlegg, seier Roppen og Bjørnerem. Dei er også svært nøgde med tilrettelegginga for industrien frå Hareid kommune.
Ulmatec Handling Systems er 99,44 prosent eigd av Ulstein-familien gjennom Ulstein Marine Technology, og der Stig Ulstein er største enkeltaksjonær.
Det er langt frå Polen når du skal levere fort

Publisert: 25.06.2019 05:56

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:36