Servering drog opp
BETRE: Mangel på dei store konsertstjernene drog inntektene ned for Lars Berg Ødegård og Ante Ødegård i fjor, men betre resultat frå servering gjorde at 2018 likevel blei eit betre år enn 2017.
Nytt

Servering drog opp

Snudde negativ utvikling på Terminalen.

06.08.2019
Ein snuoperasjon på Terminalen Byscene og full drift på Molo Brew sikra overskot for Ante og Lars Berg Giskeødegårds 50/50-eigde konsernselskap.
Alh-konsernet (forkorting for Ante og Lars Holding) omfattar konsert- og konferansearrangøren Momentium, bryggeri- og serveringsstaden Molo Brew, konsert- og serveringstaden Terminalen Byscene, lydstudioet Ocean Sound Recording og Øygardshamna på Giske - som både både rommar arrangementslokale og er base for eigne og andre selskap. Dette er selskap Alh eig 100 prosent eller har aksjemajoriteten i.
- Terminalen er ei veldig stor forbetring, seier Ante Giskeødegård om utviklinga frå 2017 til 2018. Etter smellen i 2017 rosar han leiing og stab for å halde oversikt og kontroll over kostnadane.
Molo Brew hadde berre eit halvt driftsår i 2017, men heilårs kostnadar. Med full drift blei det neste balansen i fjor.
(Sjå også resultat-tabellar. På mobil finn du tabellane nederst på sida)

Mangla dei store konsertane

Det Alh-konsernet mangla i fjor samanlikna med 2017 var dei største konsertane.
I 2017 kom både Sting og Bryan Adams til Ålesund - og konsertarrangørene Momentium fekk både opp driftsinntektene, men ikkje minst overskotet.
- Eit ekstremår, sa Ante Giskeødegård om Momentiumtalla for 2017 då dei blei lagt fram i fjor.

Momentium er det største selskapet i konsernet og kom på pluss-sida, men Giskeødegård skulle helst sett eit større overskot.
- I forhold til omsetninga er det litt vel hårfint, seier han.

2019 som 2018

Så langt i år går drifta både av Terminalen Byscene og Molo Brew som budsjettert og konsernet ligg i følgje Giskeødegård an til driftsinntekter og resultat omlag som i fjor.
Men den siste av dei store festivalane Momentium arrangerer i Ålesund kvart år, Jugendfest, går først av stabelen neste helg. Først etter at den er unnagjort er det råd å vere meir presis på korleis 2019 endar.

Publisert: 06.08.2019 16:16

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38