Nytt
Tek utbytte på 16,9 millionar etter rekordår
Ålesund-selskapet Acel veks vidare og ser ingen «umiddelbare farer» for koronabrems.
Marius Rosbach
15.09.2020
Allereie i vinter var det klart at Ålesund-selskapet Acel hadde lagt bak seg eit rekordår i 2019. Resultatet blei .
No er rekneskapen for konsernselskapet Acel Invest klar, som stadfestar både vekst og gode tider. Konsernet auka inntektene med nær 50 prosent, frå 156 til rekordhøge 235 millionar kroner.
Lønnsemda er det heller ingen ting å seie på, med ei driftsresultat på nær 20 millionar.
– Vi er veldig nøgd både med ordrebehaldning og aktiviteten i år, og det er ingenting som i dag skal tilseie at koronaen skal legge ein dempar framover, seier han til NETT NO.
Dei ventar lågare økonomisk aktivitet, men skriv at pandemien likevel ikkje har påverka drifta til selskapet i særleg grad.
– Slik som situasjonen er per i dag, ser vi ingen umiddelbare farer, men vi følgjer situasjonen vidare, heiter det i rapporten.
Eigenkapitaldelen i konsernet var på drygt 40 prosent, og styret understrekar at den finansielle situasjonen er god.
Dotterselskapet Ystenesgata 32 er bokført med ein verdi på drygt 15 millionar. I årsrapporten påpeiker styret at det er betydelege meirverdiar i selskapet i form av eigedom.
Covid-19 har ikkje ført til fornya vurdering av verdiane i konsernet, ettersom pandemien slo til etter slutten av rekneskapsåret.
No er rekneskapen for konsernselskapet Acel Invest klar, som stadfestar både vekst og gode tider. Konsernet auka inntektene med nær 50 prosent, frå 156 til rekordhøge 235 millionar kroner.
Lønnsemda er det heller ingen ting å seie på, med ei driftsresultat på nær 20 millionar.
Nøgd med 2020 så langt
Ifølgje årsrapporten blei det teke utbyte på 16,9 millionar kroner etter det gode resultatet. Eigar og styreleiar Eystein Høegh Krohn Dale har ingen kommentar til kva utbyte skal gå til – men kan fortelje at året 2020 også ser bra ut så langt.– Vi er veldig nøgd både med ordrebehaldning og aktiviteten i år, og det er ingenting som i dag skal tilseie at koronaen skal legge ein dempar framover, seier han til NETT NO.
Ventar ikkje koronabrems
I for Acel Invest som er datert 31. august, omtalar styret også koronasituasjonen.Dei ventar lågare økonomisk aktivitet, men skriv at pandemien likevel ikkje har påverka drifta til selskapet i særleg grad.
– Slik som situasjonen er per i dag, ser vi ingen umiddelbare farer, men vi følgjer situasjonen vidare, heiter det i rapporten.
Litauen-selskap og eigedomsverdiar
Hovudverksemda skjer i Acel AS, men konsernet har også dotterselskapet Acel Baltic i Litauen, som fekk eit plussresultat på 3,4 millionar i fjor.Eigenkapitaldelen i konsernet var på drygt 40 prosent, og styret understrekar at den finansielle situasjonen er god.
Dotterselskapet Ystenesgata 32 er bokført med ein verdi på drygt 15 millionar. I årsrapporten påpeiker styret at det er betydelege meirverdiar i selskapet i form av eigedom.
Covid-19 har ikkje ført til fornya vurdering av verdiane i konsernet, ettersom pandemien slo til etter slutten av rekneskapsåret.
Les også:
Vi er veldig nøgd både med ordrebehaldning og aktiviteten i år
Publisert: 15.09.2020 05:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:02