Trur at vi kan skaffe fleire gode kontraktar i aaret som kjem
GODT NYTT: Administrerande direktør Kjetil Bollestad og finansdirektør Ola Beinnes Fosse hadde gode nyheiter til kollegaene sine måndag. 
Nytt

–Trur at vi kan skaffe fleire gode kontraktar i året som kjem

Kleven-leiinga ventar meir jobb til verftet når dei får inn ny eigar.

Marius Rosbach
20.01.2020
Kleven-direktør Kjetil Bollestad fortel at verftet jobbar med konkrete nybyggingsprosjekt som dei håpar å sikre seg etter at DIV Group kjem inn som ny eigar.
– Vi trur at vi kan skaffe fleire gode kontraktar i året som kjem, saman med DIV Group og Brodosplit-verftet, fortel Bollestad til NETT NO.
Leiinga vil ikkje opplyse kronebeløpet som DIV Group betalar for å bli Kleven-eigarar etter Hurtigruten. Det er venta at salet blir gjennomført i løpet av dei neste vekene.
– Både bankane, Hurtigruten og oss har vore opptekne av at vi ønska nokon som tenker langsiktig, legg verftsdirektøren til.

Har ulike styrker

Ein av Brodosplit sine styrker, er arbeid med tjukt stål. Kleven har på si side opparbeida mykje erfaring med tynnare stål som gjerne blir nytta på passasjerskip.
Bollestad fortel at det kan vere naturleg at Brodosplit bygger skrog, og at fartøy etterpå blir gjort ferdig ved Kleven.
– Dei har eiga designavdeling som vi ikkje har på Kleven. Og dei er veldig gode på stål med ti gonger større kapasitet enn Kleven, seier verftsdirektøren som forsikrar at dei skal helde fram med robotlinja på verftet.
Det er ingen planar om endringar i leiinga på verftet, men det er naturleg at kroatene får plass i styret på sikt.

Har økonomiske musklar

Finansdirektør Ola Beinnes Fosse trur 2020 vil bli eit nytt tøft år økonomisk for verftet, men at dei gjennom samarbeidet med Brodosplit har som mål å ha lønnsam drift frå neste år.
DIV Group vil sette arbeid til Kleven om det er nødvendig, men Kleven held førebels korta tett til brystet om kva for arbeid det kan vere.
Medan mange norske verft slit både med lønnsemd og tilgang på kapital, vil Kleven har tilgang til dei langt større finansielle musklane til DIV Group.
– Dei er genuint interesserte i Kleven og har sagt dei vil bruke Kleven utad i store kontraktar, fordi det er ei sterk merkevare, fortel Beinnes Fosse.

Første kontakten i september

Kleven vil helde fram som eige selskap under DIV Group-paraplyen, som eit systerverft til Brodosplit. Verftsleiinga meiner løysinga er den beste dei kunne få.
– Vi føler at vi har løyst framtida for Kleven for ein lang periode framover, seier Bollestad.
Den første kontakten med kroatane skjedde i september i fjor, då DIV Group kontakta Kleven. Det har også vore andre internasjonale aktørar som har vist interesse - i tillegg til nasjonale og lokale interesser.

Ombyggingar for Hurtigruten

Fleire større ombyggingsoppdrag for Hurtigruten er allereie sikra. Reiarlaget har bestemt seg for å som vil få nye namn og blir utstyrt med batteripakkar og hybrid framdrift.
Noko stålarbeid vil starte opp allereie før sommaren, men ombyggingane tek for alvor til neste år.
For tida har verftet i hovudsak to pågåande prosjekt. Eitt og eit oppdrag med å , som skal vere ferdig tidleg på våren.
Verftet har ein intensjonsavtale om å bygge eit tredje systerskip til MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen, men det er førebels ikkje stadfesta at dette blir bygd.
– Strategien er tydeleg: Kleven vil bygge store passasjerskip i framtida, av den typen som Hurtigruten bygger her i dag. Så kan vi fylle på med andre og mindre prosjekt i periodar, seier Bollestad.

Meir om saka:



2018-resultatet:



Publisert: 20.01.2020 18:15

Sist oppdatert: 02.07.2021 15:35