Viktig aa halde paa dei utanlandske arbeidarane
KLEVEN: Magne Gurskevik meiner at det ikkje hadde vore muleg å byggje skip som Fridtjof Nansen (bak) utan utanlandske verftsarbeidarar. Han merkar auka konkurranse om dei tilsette, men så langt har Kleven makta å behalde dei fleste.
Nytt

- Viktig å halde på dei utanlandske arbeidarane

Dei har siste året fått eit kraftig lønshopp, men kampen om dei utanlandske verftsarbeidarane hardnar til.

06.02.2019
- Vi har lukkast å behalde dei fleste, men vi må også strekke oss lenger.
Det seier dagleg leiar Magne Gurskevik ved Kleven Maritime Contracting.
Selskapet har tilsette frå Romania og Polen, og tel no 271 tilsette etter å ha vore oppe i 330 på det meste.
- Vi treng dei verftstilsette frå Polen og Romania. Det er ikkje mogleg å rekruttere norske verftstilsette i det omfanget som trengst.

- Ettertrakta arbeidskraft

Gurskevik merkar aukande konkurranse om dei utanlandske arbeidarane.
- Vi merkar det spesielt frå hollandske verft og tillknytta næringar.
- Men det er også forespørslar frå USA og Canada. Det er tydeleg at våre tilsette er ettertrakta arbeidskraft.

Flyttar heim att

Hittil har ei handfull tilsette flytta til Nederland, i tillegg har nokre få flytta tilbake til Polen.
- Dei som har reist tilbake seier at lønene har stige så pass mykje i Polen at dei klarer å fø seg og familien på dei lønene. Då vel dei i staden å bu og arbeide i heimlandet.
Samstundes er det rundt 25 som har flytta permanent til Ulstein-regionen og har busett seg der saman med familien.
- Tilbakemeldingane er at dei trivst godt.

Lønshopp på 10-15 prosent

På grunn av den auka konkurransen, har også lønene gått kraftig opp siste året.
- Vi snakkar nok om 15-20 prosent i snitt, seier Gurskevik.
Dei tilsette i Kleven Maritime Contracting har fast turnusavtale med seks veker arbeid og to veker fri.
- Når dei arbeider, er det normalt snakk om 50 timars veke, medan ein ifølgje Arbeidsmiljølova maksimalt kan arbeide 54 timar.

1.065 innom portane

I tillegg til dei 271 tilsette i Kleven Maritime Contracting er det også 282 fast tilsette ved Kleven Verft. Også mange av desse er utlendingar, aller mest frå Polen.
- Utan utanlandske verftstilsette hadde det ikkje vore muleg å drive norsk verftsindustri. Det er det viktig å vere klar over, seier Gurskevik.
Ved verftet er det også ei rekkje leigefirma på plass for å jobbe med utrustninga av Roald Amundsen og Fridtjof Nansen.
Portvakta opplyser at klokka elleve onsdag var det 1.065 innom verftsportane.

På nytt større lønsskilnader

Han er også styreleiar i Mafoss (Martim forening for søre Sunnmøre).
Gurskevik er litt uroleg for at norske verft skal prise seg ut på grunn av auka lønsnivå.
- Vi hadde ein periode der det var på veg å jamne seg ut mellom land som Tyrkia og Norge.
- No ser vi at det på nytt vert større avstand, og stadig fleire norske reiarlag vel å byggje i Tyrkia i staden for i Norge. Det er utfordrande.

Fyller på med arbeid

Gurskevik rosar elles den nye verftseigaren Hurtigruten ASA.
- Det var mange som var urolege og spente då Hurtigruten kom inn som eigar. Hittil har det vore gode eigarar som har halde det dei har lova.
I tillegg til bygging av dei to ekspedisjonscruiseskipa Roald Amundsen og Fridftjof Nansen, har verftet fylt på med anna arbeid.
- Vi lagar blant anna stålsekskjonar for Ulstein Verft, og byggjer ei stor stålramme til ei dokk for Ulstein Betong Marine.

- Vi ventar også spent på nye båtkontraktar, blant anna på ekspedsjonscruiseskip nummer tre, seier Gurskevik.
Vi treng dei verftstilsette frå Polen og Romania. Det er ikkje mogleg å rekruttere norske verftstilsette i det omfanget som trengst

Publisert: 06.02.2019 14:11

Sist oppdatert: 03.07.2021 08:37