Analyser
25 milliardar i valutagevinst
Fiskeriminister Harald Tom Nesvik heiar fram fiskerinæringa for å sprenge den psykologiske viktige 100-milliardgrensa for fiskeeksporten i år. Halvparten av æra for at verdien på fiskeeksporten er dobla på seks år må fiskerinæringa dele med aktørane i valutamarknaden.
09.12.2018
ANALYSE
Passerer ikkje fiskereksporten 100 milliardar kroner i år blir eg sittande til den blir det, sa Nesvik då han møtte fiskebåtreiarane på årsmøtet til Fiskebåt Vest fredag 7. desember.
For Nesvik og sjømatnæringa handlar det om psykologi. Det gir litt ekstra tyngde både i dei interne tautrekkingane i regjeringa og ute i opinionen å representere ei 100-milliardersnæring.
Sjansen for at Nesvik skal få oppfylt draumen sin er absolutt til stades. Marknadsføringselskapet Norges Sjømatråd sitt anslag er at eksporten vil hamne hårfint under 100 milliardar kroner i år, så hårfint at litt flaks og ekstra innsats kan vippe eksportverdien over grensa.
Uansett om 2018-statistikken endar over eller under 100 milliardar kroner er det omlag snakk om ei dobling i eksportverdien på seks år, frå 51,6 milliardar kroner i 2012.
Det handlar om rundt 50 milliardar kroner ekstra kroner inn i fiskeri- og oppdrettsnæringa årleg i dag samanlikna med 2012. Det er formidabelt.
Eksporten ville aldri hatt den verdien utan godt arbeid både i marknaden og i fangst-og produksjonsleddet. Men aktørane i Noreg har også fått god drahjelp frå valutamarknaden.
Valutaeffekten er verdt å ha i bakhovudet. Skulle det svinge motsett veg kan det sjå ut som eit stort tilbakeslag for sjømatnæringa, sjølv om utlendingane kjøper akkurat like mykje norsk fisk som før.
Sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness i Nordea anslår at rundt halvparten av verdiauken på torskeeksporten sidan 2012 skuldast gunstig valutautvikling. Det gir meir i kassa til norske aktørar, utan at fisken er blitt tilsvarande dyrare i utlandet. Flåteleddet er den store vinnaren, og stikk av med det meste av prisauken. Døme på andre artar som har hatt tilsvarande utvikling er laks og hyse, medan seien ikkje har hatt den samme utviklinga, meiner han.
Grovt rekna betyr dette at verdien på sjømateksporten i år ville vere rundt 75 milliardar kroner om vekslingskursen mellom norske kroner og utanlandske valuta - først og fremst Euro og dollar - var som i 2012.
75 milliardar kroner er bra, men 25 milliardar kroner til er enda betre.
Ekstragevinsten som har kome på grunn av gunstig valutakursutvikling er ingen papirgevinst, men ekte pengar, som er brukt til ekte investeringar og skapt ekte arbeidsplassar.
Det er mange som har fått tatt del i gevinsten og sjømatnæringa er blitt meir solid.
Utan desse pengane hadde det blitt bygd færre brønnbåtar, færre fiskebåtar, utvikla mindre ny teknologi og bygt færre anlegg for bearbeiding og handtering av fisk både til sjøs og til lands.
Litt færre fine bilar og ikkje minst mindre utbytte, mellom anna til Marine Harvest-storaksjonær John Fredriksen, hadde det og blitt. Men kjøp av fine bilar og utbetaling av utbytte skaper også ringverknadar.
Publisert: 09.12.2018 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59