FV Egil Sandvik styreleiar og prosjeketleier Rune Risnes i Salt Ship Designe pp Aquanor 2025 foto Ogne
Styreleiar og medeigar Egil Sandvik (t.v.) og prosjektleiar Rune Risnes i Salt Ship Design på Aqua Nor 2025.. Skipsdesignselskapet på Stord blei etablert i 2011. I fjor var Salt Ship Design det neste største av dei norske skipsdesignselskapa, målt etter driftsinntekt. Selskapet har over 130 tilsette. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Store skilnadar for skipsdesignarane

Salt Ship Design på Stord og Skipsteknisk i Ålesund drog opp lønsemda i fjor. Sjå resultatoversikt.

21.08.2025

Dei aller fleste skipsdesignselskapa auka inntektene frå 2023 til 2024, men berre Salt Ship Design og Skipsteknisk fekk ein vesentleg auke i lønsemda. Det går fram av tabellen under.

Deira auke i overskotet meir enn vog opp for ei kraftig resultatforverring hos Ulstein Design & Solutions, som fekk sitt svakaste resultat sidan åra 2017 og 2018.

Resultatet før skatt i høve til driftsinntektene auka frå 7,1 prosent i 2023 til 8,1 prosent i 2024 for heile bransjen.

Større aktivitet
Bransjen auka inntektene med 42 prosent frå 2023 til 2024. Inntektene i fjor var også 24 prosent over 2022-nivået. 

Veksten fortel om eit auka aktivitetsnivå etter eit magert 2023.

– 2023 blir eit vesentleg tristare år enn 2022. Det har vore lite kontraktar sidan i fjor sommar, sa styreleiar og medeigar Egil Sandvik i Salt Ship Design i 2023.

2024 gav derimot eit oppsving, og aktivitetsnivået er godt også i år, fortel han.

Oppsving frå offshore
Skipsteknisk i Ålesund har aldri hatt høgare inntekter i nominelle kroner enn i 2024. Førre inntektsrekord var i 2018, med 172 milionar kroner.

Lønsemda auka også, og driftsmarginen (driftsresultat i prosent av driftsinntekt) er blant dei høgare selskapet har hatt dei siste 10 åra.

Det er ny og høgare aktivitet i marknaden for skip til offshore og anna energibransje-aktivitet til havs som er årsak til inntektsveksten i fjor. Den auken meir enn veg opp for at det er mindre å gjere i fiskebåtmarknaden, ifølgje årsmeldinga for 2024.

Resultatoversikt skipsdesignselskap:   
Tal i mill. kroner     
      
 DriftsinntektRes.f.skatt  
Selskap2024202320242023 
      
Hav Design332,9245,917,852,3 
Salt Ship Design231,1131,481,87,1 
Ulstein Design & Solutions177,5118,7-50,2-3,9 
Skipsteknisk174,9130,947,415,2 
NSK Ship Design81,951,32,2-5,2 
Vard Design81,459,96,11,8 
Marin Teknikk69,150,1-1,90,2 
Breeze Ship Design53,033,11,9-3,0 
Skipskompetanse29,017,53,6-1,6 
Multi Maritime28,629,8-4,5-5,9 
Sirius Design & Integration22,023,3-3,81,9 
Solstrand Trading12,312,45,76,0 
Tomra Engineering9,27,51,20,3 
Seacon4,97,1-0,10,4 
      
Sum1307,8918,9107,265,6 

Publisert: 21.08.2025 12:28

Sist oppdatert: 21.08.2025 19:11

Mer om