Per Saevik Lars Oscar Ovstegard foto Marius
HERØY: Lars Oscar Øvstegård (t.h.) saman med Havila-eigar Per Sævik under eit tidlegare folkemøte om formuesskatt i Herøy. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Glad for at Ap og SV kjem til folkemøte

Ligg an til brei deltaking når formuesskatten blir tema. Men finansministeren kjem ikkje.

Marius Rosbach
21.08.2025

Både ekspertar og politikartoppar kjem til fredagens folkemøte om formuesskatt ved Horisont-bygget i Herøy.

Temaet har vort eit av dei heitaste stridsspørsmåla i årets valkamp – og både NRK og VG har meldt at dei kjem.

Nett No sender direkte frå møtet som startar kl. 17. Sendinga kan du sjå i denne artikkelen

Primus motor for arrangementet er Lars Oscar Øvstegård, som har saksøkt staten for å fjerne formuesskatt på arbeidande kapital. 

Stoltenberg takka nei igjen 
Øvstegård skulle helst sett at finansminister Jens Stoltenberg tok turen, men Ap-politikaren har igjen takka nei til eit arrangement i regi av motstandarane av skatten. I staden kjem stortingspolitikar Åse Kristin Ask Bakke frå Arbeidarpartiet. 

– Eg er sjølvsagt ikkje nøgd med at Stoltenberg takkar nei for 7. eller 8. gong, men eg er veldig glad for at Bakke kjem. Det skal ho ha skryt for, seier han til Nett No. 

Torsdag blei det klart at også Line Karlsvik som toppar SV-lista i Møre og Romsdal til valet, kjem til Fosnavåg.

Raudt som har vore ein varm forsvarar av formuesskatten, har takka nei – og opplyst at dette er ei gruppe dei ikkje vil, eller kan prioritere.

Har henta inn fleire ekspertar
Bakgrunnen for møtet er mellom anna bodskapen frå Arbeidarpartiet, SV og Raudt om at det ikkje er fagleg tyngde for å seie at formuesskatten på arbeidande kapital er øydeleggande for norsk lokalt eigarskap.

Fredag vil dei få høyre innlegg frå advokat Jan Magne Langseth, som skal føre saka for Øvstegård i retten.

Også professor Ole Gjems-Onstad, professor Ola Grytten, sjeføkonom Elisabeth Holvik og førsteamanuensis Glenn Agung Hole kjem for å halde innlegg. 

Borgarleg side stiller sterkt
Frå borgarleg side kjem ein rekke politikarar, mellom anna Nikolai Astrup frå Høgre, Hans Andreas Limi frå Frp og Alfred Bjørlo frå Venstre. 

Det gjer også KrF-leiar Dag-Inge Ulstein, fylkesordførar Anders Riise og Gyda Ulrikke Oddekalv frå Generasjonspartiet. Samtlege av desse vil redusere eller fjerne formuesskatten. 

Geir Inge Lien frå Senterpartiet stiller også på møtet. Sjølv om partiet hans har forsvara formuesskatten dei siste åra, har Lien i sommar teke til orde for at den bør reduserast. 

Publisert: 21.08.2025 16:08

Sist oppdatert: 21.08.2025 16:47

Mer om