Forsvar for høgttenking
Det bør vere større takhøgde for å høgttekning og uferdige tankar.
ANALYSE
Det såkalla Rundesymposiet låg an til å bli tema i fylkesutvalet i Møre og Romsdal, etter at fylkestingsrepresentant Carl Johansen i Miljøpartiet De Grønne tok opp at møtet skulle skje bak lukka dører. (Fylket er medeigar og viktig finansieringskjelde for miljøsenteret på Runde).
Berre eit opprop skulle offentleggjerast i etterkant.
Arrangøren slo heldigvis retrett, og opna møtet - nokre timar før arrangement skulle starte.
"Vi ser i ettertid at vi skulle gått en ekstra runde på formatet. Det var ikke så godt tenkt gjennom", seier informasjonssjef Marie Hauge i Havforskningsinstituttet til Sunnmørsposten.
Det har Hauge heilt rett i. Konsekvensen blei at tema for møtet - ressursane i havet, bruken av havet og det grøne skiftet - kom heilt i bakgrunnen.
Arrangøren rota det til for seg sjølv. Det kunne vore unngått om toleransen for høgttenking hadde vore større.
For ordens skuld er det korkje ulovleg, og slett ikkje urimelege å ta diskusjonar bak lukka dører. Ingen gjennomfører til dømes kontraktsforhandlingar og forhandlingsmøtet for open scene, eller publiserer dokument og teikningar til nye produkt som er under utvikling.
Det er når det er handlar om utforming av politikk det byrjar å bli vansklegare å avgjere kvar grensa går.
Også dei som deltek på Rundesymposiet kan ha eit ønskje om å få tenke høgt, utan å få tankane på trykk, ut i TV-ruta eller spreidd i sosiale media.
Grunnane til slike ønske er ulike, men ubehaget med å eventuelt måtte forsvare seg mot kritikk etterpå spelar truleg ei rolle.
Det er synd, for vi risikerer å gå glipp av synspunkt som burde blitt lufta i ein offentleg debatt.
Deler av det symposiet handla om var det såkalla grøne skiftet, ei omlegging av økonomien for å reduserer CO2-utsleppa som vil koste mykje, og som regjeringa har vore sparsam med å sette ein prislapp på.
Les også
Både om og korleis det grøne skiftet skal gjennomførast bør diskuterast, og heller ein ekstra, men uferdig tanke inn i debatten.
Det er verdt å vurdere om viljen til å tolerere høgttenking og uferdige tankar har blitt alt for liten, ikkje berre blant strigla politikarar, men også hos næringslivsfolk og forskarar.
PS! Hovudbodskapen i oppropet frå møtet var at meir godstrafikk må over fra land til sjø.
Les oppropet her
Det grøne skiftet er blått. Sjøvegen er den mest rasjonelle måten å frakte menneske, varer og tunggods på. Riksveg 1 – den norske kystlinja – kan og bør derfor spele ei langt meir sentral rolle for å oppnå berekraftig verdiskaping for Noreg.
Innan 2030 skal 30 prosent av gods over 300 kilometer over frå veg til sjø og bane, ifølge storting og regjering. Dette gir enorme moglegheiter for menneska som bur og lever langs kysten, for næringslivet og for havnasjonen Noreg.
Deltakarane på Rundesymposiet representerer næringsliv, akademia, organisasjonar og styresmakter, alle med særleg kunnskap om eller interesse for havet.
Vi vil vere pådrivarar for å få til meir og berekraftig sjøtransport, og samarbeide aktivt for gode løysingar langs heile verdikjeda. Vi ser at det er behov for betre infrastruktur, funksjonelle fleirbrukshamner og lågutsleppsløysingar. Omstillinga må skje i tråd med effektiv arealbruk og omsyn til naturen.
For å oppfylle målet om meir trafikk frå land til sjø skal vi arbeide offensivt og tverrfagleg med fem sentrale punkt:
- Heilskapleg politikk for transport og infrastruktur: Vi må fekk frå sektortenkinga, og skape gode system som integrerer dei ulike transportformene på ein effektiv og berekraftig måte. Sjøtransporten må få ein langt større plass i Nasjonal transportplan.
- Utvikle og ta i bruk ny maritim teknologi og kompetanse som kan setje fart på omstillinga til ein klimanøytral norsk flåte.
- Bidra til effektiv logistikk og knutepunkt for reisande og gods: Syte for saumlause overgangar der land og sjø møtes, og transporten skal over på sjøvegen. Her spelar digitaliseringa ei nøkkelrolle; også når det gjeld å utnytte tilgjengeleg data på nye og framtidsretta måtar.
- Auke tempoet på elektrifiseringa og bruk av alternative energikjelder – bygge ut naudsynt infrastruktur: Skape eit nettverk av hurtigladepunkt for person- og godstransport til sjøs.
- Utvikle og ta i bruk automatiseringsløysingar for fartøy: Legge forholda til rette for fjernstyrt og på sikt sjølvgåande skipstrafikk.
Runde, 27. august 2021
Publisert: 29.08.2021 06:00
Sist oppdatert: 03.09.2021 12:18