Arbeidsloeysa gaar ned trass Kleven og Kongsberg kutt
OPPTUR I ARBEIDSMARKNADEN: Etter tre år på rad med nedbemanning snudde det for den martime klynga i 2017 og Menon Economics spår enda fleire i arbeid neste år. Grafikken viser sysselsettingsutviklinga i dei ulike delane av klynga. Reiarlaga er markert med mørkeblått, skipdesing- og serviceselskap med oransje, utstyrsleverandørar med mørkegrått og skipsverfta med lysegrått.
Analyser

Arbeidsløysa går ned, trass Kleven- og Kongsberg-kutt

Samstundes som Kleven er i gang med nedbemanning stiller over 40 bedrifter på jobbmesse i Herøy komande veke. 

29.09.2019

ANALYSE


Då ringverknaden av at oljeprisen fall i 2014 slo inn i arbeidsmarknaden sto ikkje andre deler av næringslivet klar med nye jobbar. Rundt 1500 utlendingar, først og fremst frå EU-land i aust- og mellom-Europa reiste. Arbeidsløysa steig og hadde stige enda meir hadde det ikkje vore for arbeidsutvandringa.
Vestlandet, medrekna Møre og Romsdal, fekk kjenne konsekvensen av oljeprisfallet sterkast og arbeidsløysa steig godt over landsgjennomsnittet.

No er arbeidsløysa i Møre og Romsdal på to prosent og har vore under landsgjennomsnittet i heile 2019. I Sogn og Fjordane er den 1,4 prosent. Landsgjennomsnittet er 2,2 prosent.
Samanlikna med for 12 månadar sidan er det i kommunar som før var tett knytt til utviklinga i oljebransjen; Vestnes, Haram, Hareid og Ulstein at nedgangen arbeidslause har vore størst. Når verfta ikkje byggjer offshorefarty lenger spelar utviklinga i oljebransjen mindre rolle.
I Haram er arbeidsløysa ned over 40 prosent i siste 12-månadarsperiode. I dag er arbeidsløysa i Haram, der Vard-verfta er den klart største arbeidsgivaren, berre 1,3 prosent.
Trass fleire i jobb er kommunane på ytre søre Sunnmøre; Hareid (3,4 prosent), Ulstein (2,6 prosent), Herøy (3,3 prosent) og Sande (3,1 prosent), framleis dei som har den høgaste arbeidsløysa i Møre og Romsdal.
Med nye nedbemanningar både hos Kleven Verft og Kongsberg blir det fleire som misser arbeidet.


Likevel er NAV optimistisk også for ytre søre Sunnmøre, mellom anna på grunn av oppslutninga om jobbmessa. Mange av bedriftene som stiller der held til i kort pendlaravstand for folk som bur på ytre søre Sunnmøre og mange kan også bruke kunnskapen til folk som i dag arbeider på Kleven eller hos Kongsberg.

På årskonferansen for den maritime klynga på Nordvestlandet denne veka kom også analyseselskapet Menon Economics med positive spådomar om arbeidsmarknaden på Nordvestlandet.
Den maritime klynga; verft, reiarlag, skipsdesignsselskap og utstyrsleverandørar er samla sett den viktigaste private arbeidsgivaren på Nordvestlandet. Grunnen er storleiken og ringverknaden desse bedriftene skaper.
Slik Menon Economics har definerte den maritime klynga nådde den toppen i talet på tilsette i 2014, med 18.838 personar, ei dobling på 10 år. Deretter kom tre års nedtur.
Botnen blei nådd i 2017, med 13.692 personar på lønningslista hos bedriftene i den maritim klynga. Det er ein reduksjon på over 5000 stillingar på tre år.
Reiarlaga i den maritime klynga dreiv i utgangspunktet berre oljeoppdrag og har kutt bemanninga mest, ned over 40 prosent frå toppen. Men også dei oppbemannar no, i følgje Menon-analysen.
2017 var vendepunktet. Etterpå har det gått oppover, som grafikken til denne artikkelen illustrerer. Bedriftsleiarane reknar med at dei skal tilsette fleire og slår prognosen til vil den maritime klynga passere 15.000 tilsette neste år.
Det er verdt å minne om at det framleis er bedrifter som framleis slit tungt økonomisk. Berre skipsdesignselskapa og liknande servicebedrifter hadde driftsoverskot i 2018, i følgje Menon-analysen. Og 2018 var fjerde året på rad med driftunderskot for klynga samla sett. Mykje av underskotet skuldast at dei største bedriftene slit, men sjølv om dei fem største ikkje blir rekna med hadde klynga samla sett eit driftunderskot i fjor opplyser Menon Economics til NETT NO.
Når bedriftsleiarane likevel trur dei vil tilsette fleire skuldast det at dei også ventar ein klar auke i lønsemda. To av tre bedrifter ventar større lønsemd i år enn i fjor, 25 prosent ventar inga endring og berre åtte prosent ventar at lønsemda går ned.
For 2020 ventar halvparten av bedriftene auke i lønsemda og 44 prosent uendra lønsemd.

Publisert: 29.09.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59