Vagen kraftverk Wikimedia
DELVIS SELD: Vågen Kraft sitt kraftverk ligg ved Finnes i Hjørundfjorden. I fjor selde dei lokale medeigarane seg ut. Foto: Wikimedia Commons
Nytt

Selde kraftverket i tide

– Kjempegreier, seier tidlegare småkrafteigar ved Hjørundfjorden om aksjesalet i fjor. No kan verdien bli nær halvert.

21.10.2025

Saman med fire andre eigarfamiliar selde Jon Egil Finnes på Finnes i Hjørundfjorden aksjane sine i Vågen Kraft i fjor. Til saman eigde dei 60 prosent i selskapet, som eig og driv eit kraftverk nesten heilt inne i fjordbotnen.

Årsaka til salet var frykt for at det ville bli innført såkalla grunnrenteskatt også på små kraftverk. Og det kan det bli, om regjeringa får gjennomslag for ei framlegg som er sendt ut på høyring

Då blir det 45 prosent grunnrenteskatt i tillegg til den vanlege selskapsskatten på 22 prosent. Planen er at skatten skal inn i statsbudsjettet for 2027.

– Vi var redde for at pengane skulle ende opp i Oslo og ikkje som eit tilleggsinntekt for landbruket. Pessimistane fekk rett, seier Finnes til Nett No i dag.

Betalt mindre i dag
Kjøparen var selskapet Norsk Vannkraft, med adresse i Bergen og med eit fransk infrastrukturfond som omlag 90 prosent eigar.

– Vi hadde nok betalt eit heilt anna beløp, seier Kjetil Knudsen i Norsk Vannkraft til Nett No om kva bod selskapet hadde gitt på Vågen Kraft dersom dei visste at det skulle innførast grunnrenteskatt. 

Vågen Kraftverk har ein årsproduksjon på 17,8 GWh.

Korkje seljar eller kjøpar vil seie noko om prisen, men her er eit forsiktig anslag: 

I 2020 fekk eigarane av Tryggestad Kraft ved Hellesylt 4-5 kroner per kilowatt-time. I 2023 var prisen oppe i 8,5 kroner. Då var prisen nær toppen. 

Med eit prisanslag midt i mellom vert Vågen Kraft verdsett til 115 millionar kroner. 60 prosent av det er 70 millionar. 

Nesten halvering av verdien
Finn Lundsted i Krafthuset har spesialisert seg på kjøp og sal av småkraftverk. Det var også han kraftverkeigarane på Finnes gjekk, til då dei ville selje seg ut i fjor. 

Om grunnrenteskatten blir innført, vil det gi ein reduksjon i verdien på slike småkraftverk omlag tilsvarande skatten - altså omlag 45 prosent, eller nesten ei halvering, ifølgje Lundberg.

Dei kallar dette det kommunistiske Noreg slår til igjen
Finn Lundsted

Han meiner regjeringa har skapt uvisse  om vilkåra for framtidige investeringar i småkraftverk. 

Mange småkraftverk i Noreg er kjøpt av utanlandske investorar. Lundsted seier dei han har snakka med reagerer sterkt på den uventa skatteauken. 

– Dei kallar dette det kommunistiske Noreg slår til igjen, seier han. 

Vente på neste val
Trond Ryslett i Austefjorden har eitt kraftverk som er så lite at det kjem under grensa for grunnrenteskatt. Men han administrerer i tillegg tre andre småkraftverk i nærleiken som blir omfatta av skatten. 

Med grunnrenteskatt, selskapsskatt og i tillegg skatt på utbytte blir det minus. 

Ryslett seier interessa frå kjøparar no er borte, og at strategien no må vere å sikre finansiering slik at selskapa kan klare seg fram til neste stortingsval og håpe på eit regjeringsskifte. 

Fryktar «dramatiske konsekvensar»
Småkraftforeninga, som organiserer eigarane av små kraftverk, kom med denne kommentaren til framlegget som er sendt ut på høyring: 

«En innføring av grunnrenteskatt for småkraft helt ned til 1,5 MVA vil få dramatiske konsekvenser for næringa. Her snakker vi stopp i utbygging og massive konkurser i NO3 og NO4. I tillegg vil jo 7000 falleiere ut over landet i større eller mindre grad miste inntektene sine.»

NO3 og NO4 er forkorting for prisområda Midt-Noreg og Nord-Noreg. Nordvestlandet er ein del av Midt-Noreg.

Publisert: 21.10.2025 05:00

Sist oppdatert: 24.10.2025 09:44

Mer om