Grande Fjord Hotel innfelt Aleksander Grande foto Grande Fjord Hotel 11
STORE INVESTERINGAR: Grand Fjord Hotel blir leia av Aleksander Grande, og har mellom anna investert i nye luksussuitar (til venstre i bilde). Det har gjort at inntektene har skote i veret. Foto: Grande Fjord Hotel
Nytt

Siktar mot overskot etter storsatsing og tøffe år

Geiranger-hotell har kraftig auke av utanlandske gjestar i skuldersesongane.

Marius Rosbach
21.10.2025

Grande Fjord Hotel i Geiranger har hatt nokre tøffe økonomiske år – og 2024 vart ikkje noko unntak. Det viser rekneskapen for fjoråret som no er offentleg. 

Inntektene auka kraftig, samtidig som drifta gjekk i pluss. Likevel vart det eit nytt underskot før skatt  - det femte på rad sidan 2020 (sjå tabell under).

I år ser ting betre ut – og hotellet ligg an overskot, fortel hotellsjef Aleksander Grande til Nett No. 

– Vi har vore nøydd til å vere tøffe og har kutta både stillingar og kostnader, samtidig som vi har jobba mykje sjølv. No har vi eit system som vi ser fungerer, seier han. 

Grande Fjord Hotel AS 
Tal i mill. kroner20242023
Driftstinntekt27,120,2
Driftsresultat1,2-0,9
Resultat før skatt-1,5-2

– Det året vi har lært mest
Den familieeigde reiselivsbedrifta har investert betydelege beløp dei siste åra. Mellom anna har det kome til luksus-suiter, eige brenneri og konferansefasilitetar for bedrifter. 

Grande fortel at dei lærte av fjoråret, då dei rett og slett sikta for høgt.

– 2024 er det året vi har lært mest. Vi hadde ein litt for ambisiøs visjon for drifta, med for mange tilsette og for høge kostnader, seier Grande. 

Aleksander Grande foto Grande Fjord Hotel 11
BRENNERI: Geiranger Brenneri hadde sitt første driftsår i 2023 og gjekk med overskot både då og i fjor. Foto: Grande Fjord Hotel

I år har dei vore ti færre tilsette i høgsesongen og eit par mindre heilårstilsette. 

Trass i vesentleg auke i inntektene, enda året med at selskapet eigenkapital enda kring 1,5 millionar i minus. Styret påpeikar at likviditeten er pressa, men viser til positiv utvikling i 2025. 

Kraftig auke i skuldersesongane
Auke i det internasjonale besøket er ei av årsakene til at Grande ser lysare på framtida. 

– Vi har selt utruleg mykje betre i lågsesongane i år, enn i 2024. Auken var så stor at SSB ringte fordi dei lurte på om vi hadde rapportert feil tal, seier han. 

Så seint som for to helgar sidan var hotellet «stapp fullt», ifølgje Grande. 

Gjestane kom frå Kina, Sør-Korea, USA og arabiske land – og eitt rom med norske besøkande. 

Auken var så stor at SSB ringte fordi dei lurte på om vi hadde rapportert feil tal
Aleksander Grande

Han fortel at tal frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre svarar til det dei sjølv har opplevd: Det har vore ein jamn vekst over fleire år for april og oktober-månadene.

–  Skuldersesongane har blitt meir attraktive. Det er meir eksotisk og folk kan få oppleve Geiranger meir for seg sjølve, legg Grande til. 

Geiranger turister september foto Marius
LENGRE SESONG: Besøket av utanlandske reisande til Sunnmøre på våren og hausten har auka betydeleg. Her er turistar i Geiranger i midten av september. Foto: Marius Rosbach

Tenar pengar på april til november
Perioden frå no og fram til våren, er framleis ei utfordring. 

Hotelleigarane kryssar fingrane for at det blir ein god julebordsesong, og elles har dei ope for alt frå bryllaup til kurs og konferansemarknaden. 

– Vi tenar pengar på drifta frå april til november, men vi ønsker å halde hjula i gong i størst mogleg grad heile året. Då kan vi halde meir på heiltidstilsette, seier Grande.

Han fortel at hotellet har investert litt ekstra i marknadsføring for å sjå kva det er mogleg å hente. Utviklinga går i deira favør påpeiker han.

– Tidlegare ville eg aldri trudd at folk ville kome hit om vinteren, men no har vi opplevd at vi har plutseleg har helgar med ti rom booka av utanlandske gjestar, som tek turen nettopp for å oppleve Geiranger på den tida av året, legg han til. 

Publisert: 21.10.2025 15:04

Sist oppdatert: 21.10.2025 15:04

Mer om