Konkursbuet etter dei tidlegare Kleven Verft-selskapa har ikkje fått inn noko pengar frå den tidlegare eigaren, ifølgje NRK Møre og Romsdal.
Tomislav Debeljak vart dømt til å betale 120 millionar kroner i erstatning i kjølvatnet av verftsselskapa som gjekk over ende.
Bustyrar Bjørn Åge Hamre opplyser at dei får hjelp frå advokatar i Kroatia med å drive inn pengane, men at dei ikkje har lukkast så langt.
– Vi jobbar for å få det til, men på eitt tidspunkt må vi sjå om vi skal halde fram arbeidet, seier Hamre til NRK.
Publisert: 21.10.2025 10:34
Sist oppdatert: 21.10.2025 10:34






