Avgift til lita nytte
RINGVERKNADAR: På Sunnmøre og i Nordfjord er det mange bedrifter som leverer utstyr til oppdrett- og fiskeribransjen, også til bedrifter som eksporterer lite bearbeidd fisk ut av landet. No vil stortingsfleirtalet innføre ei eksportavgift på ubearbeidd fisk.
Analyser

Avgift til lita nytte

Rett opp handa dei som meiner det er ein god ide å gjere norske varer dyrare i utlandet.

11.06.2017

ANALYSE

Eit fleirtal på Stortinget vedtok denne veka å innføre ei avgift på laks som blir sendt ubearbeida ut av landet.
Det er SV som kom med framlegget, og partiet fekk med seg Ap, Venstre, Sp og KrF.

Planen er at avgifta blir innført frå 1. juli neste år, og Stortingsfleirtalet ber regjeringa om ei utgreiing om korleis avgifta skal fungere.
I følgje Fiskeribladet er det antyda ei avgift på 25 øre kiloen på laks som blir sendt ubearbeida ut av landet.
SVs Torgeir Knag Fylkesnes seier til avisa at han håper avgifta skal føre til meir bearbeiding av laks i Noreg.
Storparten av avgifta skal gå til oppdrettskommunane, som kan få 400 millionar kroner ekstra i året.

NETT NO sin spådom er at dette er eit framlegg som sannsynlegvis aldri blir sett ut i livet, uansett kven som blir sittande i regjering etter valet.
Ei avgift på 25 øre monnar ikkje om målet er å stimulere til meir bearbeiding i Noreg. Fleirtalet har gått inn for ei avgift som vil ha minimal verknad på bearbeidingsgraden.
Noreg er ikkje medlem i EU, og toll på bearbeida fisk inn til EU er ei ulempe med å stå utanfor.
Ulempa som til dømes 13 prosent toll på røykalaks utgjer

,

blir ikkje utlikna av 25 øre ekstra eksportavgift på ubearbeida laks.
Så lenge tollsatsane er som dei er, er det greit å sende heile fisken eller heile filetar ut av Noreg. Skal det gjerast meir i norske fabrikkar byrjar tollen å bite.
Skal det gjerast noko med tollen vil EU truleg ha noko i byte, til dømes lavare norsk toll på importerte landbruksvarer. Det er slik som i alle fall ikkje slår an i Senterpartiet, som så langt ligg an til å bli den store vinnaren ved valet til hausten.
Det er også praktiske grunnar som favoriserer bearbeiding i utlandet. Etter slakting blir fiskekjøtet stivt ein periode. Bearbeidinga må skje før eller etter denne perioden. Fordelen med å gjere det etterpå er mellom anna at det er lettare å få ut bein av kjøtet.
Ved å filetere rett etter slakting, og deretter sende fisken til utlandet, vil den på ny vere klar for foredling når den kjem fram. Då vil bearbeidinga skje nærare marknaden, noko som opnar for større fleksibilitet i kva som skal produserast.
Norske kostnadar er og eit poeng, og førebels er ikkje fiskeindustrien komen dit at robotar og automatisering jamnar ut skilnadane på lønsnivået i Noreg og hos utanlandske konkurrentar.
Dermed blir avgifta til lita nytte som eit tiltak for stimulering av vidareforedling i Noreg. For lakseeksportørane betyr den byråkratisk meirarbeid i tillegg.

Skal meir bearbeiding skje i Norge er det robotisering og automatisering som er nøkkelen. Då er det teknologiutvikling som bør stimulerast, ikkje lite bearbeida eksport som bør straffast.
Fleirtalet bak avgifta ser også bort frå eit anna faktum, at oppdrettsnæringa skaper store ringverknadar - også når storparten av eksporten er heil eller filetert fisk. Nesten fem prosent av arbeidsplassane på Sunnmøre er hos utstyr- og tenesteleverandørar til oppdrett- og fiskerinæringa.
Både i talet på arbeidsplassar og i andel av den totale arbeidsstyrken er Nordvestlandet tyngdepunktet for bedrifter som leverer utstyr og tenester til fiske- og oppdrettsnæringa. Det viser ei kartlegging som forskingsstiftinga Iris ved Universitetet i Stavanger har gjort på oppdrag for Vestlandsrådet, som NETT NO skreiv om i januar i år.

Fleirtalet ser og bort frå at utviklinga i oppdrett går mot meir bruk av lukka anlegg. Det i sin tur gjer det mindre sjølvsagt at produksjonen skal skje i Noreg. Auka kostnadar i Noreg er eit argument for å produsere andre stadar.
Argumentet om liten nytteverdi kan sjølvsagt snuast på hovudet:
Når betydninga er lita kan heller ikkje skaden vere stor.
Ei avgift på 25 øre kiloen er ikkje det som veltar lasset for oppdrettsbransjen.
Men politikarane bør innføre avgifter fordi dei er nyttige, ikkje fordi dei ikkje gjer skade.

Publisert: 11.06.2017 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59