Runar Haugen Geir Kalvag foto Marius
EKSPORTSATSING: Formfin Møbler-sjef Geir Joar Kvalvåg ser gode moglegheiter for å auke eksporten ved hjelp av den nye satsinga. Heile åtte møbelbedrifter frå Sykkylven er med på eksportsatsinga som blir leia av Runar Haugen ved Ålesund-kontoret til Innovasjon Norge. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Satsar saman mot Europas største marknad

Går alt etter planen, kjem dei første Formfin-møblane i tyske butikkar neste år

Marius Rosbach
03.11.2025

– Vi vil ta det stegvis, og men om alt går etter planen ser vi føre oss at vi kan rulle ut i 8-10 butikkar i første omgang.

Dagleg leiar Geir Joar Kvalvåg i Formfin Møbler fortel om eksportsatsinga bedrifta er med på saman med åtte andre bedrifter frå bransjen. 

Målet er å etablere seg i Tyskland, Europas største møbelmarknad. På eiga hand er det knallhardt, nærast umogleg, meiner Kvalvåg. 

Saman med åtte andre bedrifter, innleigde bransjeekspertar og Innovasjon Norge i ryggen, er situasjonen ein annan. 

– Tyskland er stort nok for oss alle
Under designindustriens bransjetreff i Sykkylven førre veke fortalde Formfin-sjefen at dei hadde svært gode erfaringar med arbeidet så langt.  

– Vi lærte fort at her gjaldt det å stå saman. Der nede er vi ikkje konkurrentar og Tyskland er stort nok for oss alle, seier han.

Kvalvåg fortel at Hundeidvika-bedrifta først trudde det smartaste ville vere sikte seg inn mot små nisjebutikkar. Men dei lærte fort at det ikkje var så enkelt.

– I Tyskland har dei store innkjøpskomitear som styrer det meste, seier han.

Runar Haugen Geir Kalvag foto Marius 2
TYSKLAND-BESØK: Under bransjetreffet i Sykkylven fortalde Formfin-sjef Geir Kalvåg og Runar Haugen i Innovasjon Norge mellom anna om bedriftene si reise til Tyskland i haust. Foto: Marius Rosbach

Reiste godt budd til Tyskland
Ved hjelp av Innovasjon Norge og ein innleigd bransjeekspert, fekk bedriftene budd seg godt før dei reiste på besøk til Tyskland i september. 

Dei fekk marknadsinformasjon, undersøkt praktiske løysingar og funne ut korleis dei kunne handtere toll. Alt for å vise at dei hadde «gjort heimeleksa».

 Bransjeeksperten fungerte også som ein mentor for bedriftene undervegs. 

– Han hadde kunnskap og kontaktar på alle felt og vi fekk sleppe til overalt, fortel Kvalvåg.

Desse deltek i eksportsatsinga:

Eksportsatsinga Trade Mission skjer i regi av Innovasjon Norge. 

Både produsentar av ferdige møblar og spesialiserte leverandørar er med. 

Møbelprodusentar:

  • Ekornes Interior Solutions
  • LK Hjelle
  • Formfin Møbler
  • Brunstad
  • Kleppe Møbelfabrikk frå Hardanger

Leverandørbedrifter: 

  • Pla-Mek
  • Sandella
  • LP Riksheim Treindustri

Får besøk til Sykkylven i vinter
Både produsentar av ferdige møblar og spesialiserte leverandørar deltek i eksportsatsinga som førebels har finansiering ut neste år. Innan då håpar Formfin-sjefen å kunne sjå konkrete resultat. 

– Vi har allereie kome betydeleg lenger enn eg håpa på då vi starta, seier han. 

I vinter skal dei norske bedriftene ta i mot besøk frå potensielle tyske kundar i Sykkylven. Eit studio er under planlegging på Næringsfabrikken der innkjøpssjefar og andre skal få sjå kva deltakarbedriftene kan tilby. 

– Dette er dei som er framme i skoa
Sykkylven Stål var mellom andre lokale bedrifter som fortalde under bransjetreffet at det har dialog med fleire aktørar som følgje av arbeidet.  

Eksportsatsinga blir leia av Runar Haugen ved Innovasjon Norge sitt kontor i Ålesund. Han fortalde at den norske møbelsatsinga er blitt lagt merke til i Tyskland og omtala i eit stort bransjeblad i sommar. 

– Vi legg opp til ein godt budd marknadsreise med potensielle kundar som er valt ut, fortel han om satsinga, seier han. 

Haugen fortalde til salen at han hadde fått høyre frå hovudkontoret i Oslo at 8 av 9 bedrifter i opplegget kjem frå «nabolaget» hans Sykkylven. 

– Alle møbelbedrifter i heile Norge har blitt invitert. Dette er dei som er framme i skoa, ser ein sjanse - og tek den, sa han til applaus frå salen i den gamle Hjellegjerde-fabrikken.

Publisert: 03.11.2025 05:00

Sist oppdatert: 03.11.2025 08:53

Mer om