Marielle Furnes Mannseth har starta i jobb som dagleg leiar i Ålesund-selskapet Blue Ctrl. Samtidig går noverande dagleg leiar Arne K. Dybvik over i ny rolle som kommersiell direktør.
Det opplyser selskapet i ei pressemelding.
– Endringa gir oss høve til å jobbe meir målretta med både kommersiell utvikling og intern organisering. Vi ser fram til å ønske Marielle velkomen, og til å gi Arne meir rom til å fokusere på sal og marknad, uttaler styreleiar Johannes Volle i meldinga.
Marielle Furnes Mannseth kjem frå ei leiarstilling i Norwegian Hydrogen og starta i sin nye jobb 1. november. Ho har tidlegare hatt fleire roller frå produktutvikling, og har ein teknologisk bakgrunn med mastergrad i informatikk og datavitskap frå Universitetet i Bergen.
Blue Ctrl utviklar avanserte automasjons- og kontrollsystem for den maritime industrien, og er eigd av Ulstein Group. Leiarskifte er eit strategisk grep som skal styrke selskapet sin vidare vekst og posisjon i bransjen.
Selskapet har auka omsetninga dei siste åra, og hadde driftsinntekter på over 23 millionar kroner i fjor. Samtidig viser rekneskapen betydelege underskot i samtlege år etter 2018. Samla underskot før skatt er på nær 100 millionar.
Publisert: 03.11.2025 13:31
Sist oppdatert: 03.11.2025 13:31






