Analyser
Botnen passert, men langt til mål
Ingen snakka om nedbemanning, men har Kongsberg Gruppen meir enn nok anleggskapasitet på Sunnmøre?
01.09.2019
ANALYSENye nedbemanningar, ut over dei 260 som Kongsberg Gruppen tidlegare i år varsla måtte gå, står ikkje på planen. Det kom fram då Kongsberg Gruppen la fram tal per andre kvartal denne veka.Kvartalsrapporten er den første etter at Kongsberg Gruppen tok over eigarskapen til den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce 1. april i år.Frå Nordvestlandet si side var det difor ei viss spenning knytt til om resultatframlegginga var dagen for varsel om nye kostnadskutt og nedbemanningar, men det vart den ikkje.Kongsberg la derimot vekt på at den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce hadde eit overskot på 22 millionar kroner i drifta i andre kvartal.Det er rett nok snakk om eit driftsoverskot før av- og nedskrivingar - og frårekna samordnings- og omstillingskostnadar på 85 millionar kroner i samband med eigarskiftet. Det er altså eit stykke att til eit solid overskot før skatt, men likevel eit vendepunkt. I lys av den siste årsreknskapen til Rolls-Royce Marine er det eit svært klart vendepunkt. Rolls-Royce Marine var den største norske verksemda i den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce, med over 1500 tilsette - dei fleste på Nordvestlandet.Underskotet i Rolls-Royce Marine, no Kongsberg Maritime CM, blei over 800 millionar kroner i 2018, og var det sjette tapsåret på rad. I løpet av dei same seks åra blei driftsinntektene meir enn halvert, til fire milliardar kroner.Samordnings- og omstillingsprosessen varer ikkje evig, og kostnadane med den vil vere unnagjort i løpet av få år.I 2022 reknar Kongsberg Gruppen med å vere i mål med arbeidet med å smelte saman sin maritime divisjon med den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce.Målet er ein samordningsgevinst på 500 millionar kroner årleg, og så langt er prosessen i rute, i følgje kvartalspresentasjonen denne veka. Samordningsgevinstane blir henta mellom anna ved å samordne utanriksstasjonar. Begge selskapa hadde kontor og anlegg for service og vedlikehald verda over, ofte på dei same plassane. 12 stasjonar er slått saman så langt, 20 til skal samlast.Produksjon av styremaskiner, kraner og vinsjer er ein av verksemdene i den tidlegare marinedivisjonen til Rolls-Royce som er hardast råka av nedturen i offshorebransjen etter oljeprisfallet.Resultatet er mellom anna at fabrikken i Vietnam blir lagt ned, og at anlegget i Brattvåg blir ein næringspark, der målet er å få inn fleire aktørar for å få opp kapasitetsutnyttinga av anlegg og utstyr.I ettermarknaden; Vedlikehald, reparasjonar og oppgraderingar, er det mykje å gjere. I nybyggingsmarknaden er derimot aktiviteten for laber."Det forventes fortsatt god utvikling i ettermarkedet samtidig som enkelte segmenter innen nybyggingsmarkedet vil fortsette å være utfordrende", skriv selskapet i kvartalsrapporten for 2. kvartal 2019.Det er verdt å hugse på at Rolls-Royce Marine hadde anlegg som var tilpasse meir enn dobbelt så store driftsinntekter enn selskapet hadde i fjor, før Kongsberg tok over. Rolls-Royce la ned produksjonen sin i Hareid i 2015 og fordelte den på andre anlegg. Bortsett frå det var det mest nedbemanning utan nedlegging av anlegg det handla om etter at verknaden av oljeprisfallet i 2014 slo inn over selskapet.I og med resultatforbetringa og ytterlegare resultatforbetring innan rekkevidde, er talet på tilsette truleg på det nivået det bør vere.Men det er sannsynleg at Kongbergkonsernet vil gjere ei ny vurdering av anleggsstrukturen på Sunnmøre, dersom ikkje nybyggingsaktiviteten hos skipsreiarane tek seg opp og utløyser vekst i etterspørselen etter nytt utstyr.
Publisert: 01.09.2019 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59