Boershopp og milliardminus
KLINGELING: Havyard-sjef Geir Johan Bakke ringer Havyard-aksjen inn på Oslo Børs 1. juli 2014. Då var kursen 33,40 kroner pr. aksje. No er den 10,45 kroner. Torsdag 14. april i år var kursen 2,12 kroner pr. aksje.
Analyser

Børshopp og milliardminus

Betre resultat og optimistiske signal har gjort Havyard til børsvinnar i nordvest så langt i år. Men det er mange på minussida.

11.09.2016

ANALYSE


La oss ta det positive først: Fem selskap der aksjane er børsnotert har stige i verdi i år. Det går bra i fiskeri, og ikkje nedover i møbel. Sparebanken Møre ser ingen grunn til å slå alarm og Hexagon Composites er igjen på stigande kurs.
11 av 17 selskap på Nordvestlandet, som har børsnoterte aksjar eller børsnoterte obligasjonslån, går med overskot. Ni av dei 17 selskapa auka resultatet før skatt i første halvår 2016 samanlikna med første halvår i 2015.
Du kan klikke på lenka i botnen av artikkelen for å laste ned og opne ein tabell som viser driftsinntekter og driftsresultat i første halvår for både 2016 og 2015. I faktaboksen til høgre (på pc/mac eller nettbrett) står tala for 2016, saman med aksjekursutviklinga i selskap som har børsnoterte aksjar. Under Relaterte saker finn du artiklane vi skreiv då selskapa la fram halvårstala sine. Island Offshore Shipholding, som har eit børsnotert obligasjonslån, har ikkje lagt fram tal for første halvår enno, og er difor ikkje med på lista.

Aller best på børsen så lang i år har det gått for Havyard.
Det løsna skikkleg for Havyard då selskapet la fram resultatet for 1.kvartal og viste at kostnadskutta gav resultat. Kursen skaut til vers, og det same tok seg oppatt då halvårstala kom.

Aksjeinvestorane er blitt overtydd om at Havyard - som er inne i både skipsbygging og skipsdesign (Havyard Ship Technology og Havyard Design & Solutions) og utstyr til fiskeri-, oppdrett og fiskeindustri (Havyard MMC) - er på rett veg. Så langt i år er aksjekursen opp over 65 prosent, til glede både for konsernsjef Geir Bakke (5,33 prosent eigarandel), Sævikfamiliens Havila Holding (63,47 prosent) og resten av eigarane.
Kursauken så langt er truleg utløyst av forventning om ytterlegare framgang. Det må blir betre, og nye kontrakter må inn, for å innfri forventningane og skape nye.
Solid kurshopp - 34,9 prosent - er det og i Havfisk, der Kjell Inge Røkkes Aker i sommar selde seg ut mellom anna for å satse på offshore-reiarlag. Salet fekk ein del til å spørre seg om Røkke såg toppen i fiskeri, og aksjekursen i selskapet har vore stabil rundt 35-36 kroner heilt sidan salet vart offentlegjort i sommar.

Spørsmålet no er om den nye eigaren - Lerøy Seafood Group - med sitt distribusjonssystem og marknadsapparat for oppdrettsfisk, kan auke verdiane i kvitfiske-selskapet Havfisk. Aker grunngav salet mellom anna med at Lerøy Seafood Group ville ha meir å tilføre enn Aker kunne framover. Det vil vise seg, men neppe allereie i neste kvartalsrapport. Difor ligg det an til ei vente og sjå-periode for Havfisk-aksjen så sant vilkåra for selskapet elles er stabile.
Det er også usikkert om Havfisk kjem til å halde fram som eit børsnoterte selskap. Lerøy Seafood Group har allereie kjøpt 73,6 prosent av aksjane og har dermed tilbodsplikt på resten av aksjane, til same pris som Aker fekk - 36,50 kroner pr. aksje. Det tilbodet blir sendt ut i løpet av kort tid, . Takkar storparten av dei attverande aksjonærane ja kan Havfisk si tid som eige selskap på børsen vere over.
Hexagon Composites-aksjonærane, med Knut Flakk i spissen, fekk svi for oljeprisfallet. Så lenge oljeprisen var høg var selskapet sine gassdrivstofftankar i kompositt ettertrakta hos amerikanske lastebileigarar, som ville skifte frå dyr diesel til billegare gass. Fall oljeprisen, fall dieselprisen - og overgangen til gassdrivne lastebilar var ikkje lenger like lønsam.
Hektisk oljeutvinning i USA hadde og løfta og marknaden for selskapet store mobile gasstankar til drift av gassdrivne installasjonar der det ikkje låg gassleidingar. Då oljeprisen fall krympa også denne marknaden, og korkje i den eine eller den andre marknaden har etterspørselen løfta seg til gamle høgder. Men Hexagon har greidd å kutte kraftig i kostnadane, gått i kompaniskap i USA for å kunne tilby heile drivstoff-system til køyrety - ikkje berre drivstofftankar, samstundes som selskapet er på veg inn i hydrogenmarknaden med sin nye store aksjonær, japanske Mitsui & Co Ltd, i ryggen.

Kombinasjonen av å kunne tene pengar trass i svakare sal og nye bein å stå på, samt alliansen med Mitsui slår positivt ut. Det er framleis rundt ti kroner pr. aksje opp til toppnivået for sommaren 2014. Men Hexagon-aksjen har stige jamt og trutt i snart eitt år, og selskapet er meir enn dobla i verdi sidan tidleg i september i fjor.
Av dei selskapa som har stige i verdi er det Ekornes som har stige minst, med 6,5 prosent sidan årskiftet. Grunnen til at kursen ikke har løfta seg meir er enkel. Selskapet slit med å få opp salet av Stressless-stolar og -sofaer. Ei rekkje nye modellar dei siste åra har ikkje vore nok. Veksten uteblir, inntil vidare.
Grunnen til at Ekorneskursen ikke har falle er sannsynlegvis at selskapet har greidd å kutte kostnadar og tilpasse seg ein lågare etterspørsel.
Etter det positive, det negative:
Til saman har selskapa på Nordvestlandet, med børsnoterte aksjar og obligasjonar eit underskot før skatt på 1,2 milliardar kroner i første halvår. Seks av 17 selskap går med underskot. I første halvår i fjor var det fire, og selskapa på lista hadde eit samla overskot før skatt på 662 millionar kroner.
Inntektene er kraftig redusert og, med 2,5 milliardar kroner, samanlikna med første halvår i fjor.
Nedskrivingar på tilsaman 2,4 milliardar kroner i offshorereiarlaga Rem Offshore, Farstad Shipping (den tredje etter at oljeprisen byrja å falle) og Olympic Ship er hovudårsaka til det samla milliardunderskotet i første halvår.
Rem Offshore er også den store taparen på børsen, med eit kursfall på nesten 88 prosent. Det store kursfallet i Rem reflekterer først og fremst att aksjen i selskapet nesten aldri blei handla på børsen. Det gjorde at børsverdien ved starten av 2016 var kunstig høg, slik at fallet vart ekstra stort når de verklege verdiane i selskapet kom på bordet i samband med arbeidet med å refinansiere selskapet - som enda med at Rem Offshore no er på veg inn i Solstad Offshore.

Sjølv om det ikkje gjekk som storaksjonær Åge Remøy i Rem Offshore vona, er det i alle fall berre att formalitetar før refinansieringa er klar. Volstad Maritime har og ei løysing - i alle fall eitt å fram i tid.
Farstad Shipping, Havila Shipping og Olympic Ship forhandlar framleis med långivarane om refinansieringsløysingar. Får dei det til, og kva blir utfallet, er spørsmåla alt handlar om. Selskapa må få ei avklaring, og oljeprisen bør helst stige før aksjonærane kan rekne med opptur på børsen.
, men har ikkje greidd å hindre at børskursen i selskapet har falle over 35 prosent i år.
Det er blitt færre jobbar å konkurrere om og konkurransen har blitt hardare. Underskota til og i fjor viser at Vard ikkje er åleine om å slite.
På minussida er og Hofseth Biocare, som lagar olje, kalsium og proteinprodukt av avskjer frå oppdrettsnæringa. Aksjen har falle over 50 prosent i år. Forventingar om at selskapet skal få opp salet har fleire gongar blitt avløyst av skuffelse, og i aksjemarknaden er trua på eit gjennombrot låg nett no.

Publisert: 11.09.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59