– Vi har eit mål om å få konkludert dette før påske, seier prosjektleiar Arnstein Kløvrud i Forsvarsmatriell til NettNo.
Det betyr allereie denne veka, eller neste.
Det kom fram under eit møte mellom forsvarstyresmaktene og den maritime industrien i regionen om nye standardiserte fartøy til forsvaret på NMK tysdag.
Seks til finalen
Forsvaret skal ha inntil 28 nye standardiserte fartøy og har lyst ut ein konkurranse om å få designe dei. Alle fartøya skal byggast på norske verft.
11 selskap søkte om å bli kvalifisert til på delta i konkurransen, seks slapp gjennom.
Dette er finalistane:
Skipsteknisk i Ålesund, Ulstein Design & Solutions i Ulsteinvik, Kongsberg Maritime i Ålesund, samarbeidspartnarane Salt Ship Design/Kongsberg Defence & Aerospace på Stord/i Kongsberg, Breece Ship Design på Stord og LMG Marin i Bergen.
Byggeoppdrag ut på anbod i oktober
Det er snakk om ein vinnar i designkonkurransen seier Kløvrud.
Etter at det er avklart kven som skal stå for designet skal det arbeidast vidare med å utvikle designet, samstundes som dei verfta som vil konkurrere om å bygge skipa skal gjennom ein kvalifiseringsrunde.
– Målet vårt er å kome i gang etter sommaren og gjere ei prekvalifisering, og at vi kan då begynne ein tilbydarkonkurranse for skipsverfta i oktober. Men då må vi vere klare med konseptet og underlaget for den tilbydarkonkurransen, seier Kløvrud.
Meir frå møtet i Ålesund:
Fleire verft kan få forsvarsoppdrag
Spent på om tidplanen for forsvarsskipa held

Historisk stort oppdrag
Oppdraget med å bygge dei 28 fartøya – i to ulike storleiker – er allereie eit historisk stort oppdrag for norsk maritim industri. Om ein lukkast med å selje skip til fleire land – kan det bli langt større.
Deltakarane på tysdagens møte kom frå store delar av den maritime industrien på Nordvestlandet.
Tidlegare har det vore eit mål om at det første fartøtyet skulle vere på sjøen i 2028. Det blei utsett i fjor og no er planen at fartøya skal leverast frå 2030 og framover.
I dialog med åtte Nato-land om kjøp
Det er knytt spenning til tempoet i prosessen, og vore åtvar mot å kome bakpå når det gjeld moglegheitene til å selje konseptet til fleire land.
Statssekretær Marte Gerhardsen i Forsvarsdepartementet fortalte under en direktesending på Kystens.no tysdag, at styresmaktene allereie er i dialog med åtte Nato-land som er interessert i å kjøpe slike fartøy frå Norge.
Publisert: 24.03.2026 12:37
Sist oppdatert: 25.03.2026 09:45






