– Positivt overraska, seier dagleg leiar Eivind Lars Berge i entreprenørselskapet Aurvoll & Furesund om interessa for selskapet sine store utbyggingsplanar ved Dragsund i Herøy kommune.
Går alt som dei håpar er det fysiske arbeidet i gang i første kvartal 2028 fortalde han då han presentert planane hos Fosnavåg Shippingklubb denne veka.
Det er snakk om forespørslar kvar veke frå verksemder som vil etablere seg der fortel han til Nett No. Det skjer medan selskapet enno ventar på at planane skal gjennom hos kommune og statsforvaltar og før detaljplanlegginga er gjennomført.
Kay Terje Myklebust er prosjektleiar for utbyggingsprosjektet. Han seier forespørslane kjem frå bedrifter som vil drive bevertning, energistasjonar, daglegvarehandel, storhandelbedrifter. Dei har lokale aktørar som ser på om det er råd å få bygd ein stor idrettshall/fleirbrukshall i området.
Tre partnarar
Det er Aurvoll & Furesund som eig prosjektet, og har alliert seg først med Alti Forvaltning og og deretter også Coop Nordvest for å utvikle området.
Saman vil dei bygge ut 215.000 kvadratmeter med forretningar, bustadar og bygg for offentlege tilbod der vegane frå ytre deler av Herøy, frå Sande/Vanylven, frå Ørsta/Volda og Ulstein/Hareid møtes.
Dei tre samarbeidspartnarane har etablert selskapet Dragsund Næringspark, med ein tredjepart av aksjane kvar.
Attraktive vegkryss
Dei siste åra er det vakse fram handels- og næringsområde ved fleire trafikk-knutepunkt på Nordvestlandet, med Digernesskiftet i tidlegare Skodje kommune som det største. Då Nett No blei etablert i 2013 var utsprenggingane på Digernesskiftet i berre i starten.
I perioden sidan har mellom anna Furene i Volda, der trafikken frå Volda, Ørsta og Hareid/Ulstein/Herøy møtes fått fleire nye forretningar. Det same har skjedd rundt Gjøsund i Giske, ved Rotsettunnellen i Volda, i og ved Eid sentrum. Neste er truleg næringområdet ved det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal, aust for Molde. Der møtes vegane frå Molde, Kristiansund og Sunndaløra.
Eit selskap i Wenaas Eftf, - som står bak Digernesutbygging - kjøpte seg nyleg eit tomt på næringsområdet der.
Publisert: 25.03.2026 08:58
Sist oppdatert: 25.03.2026 09:04






