Tysdag var store delar av den maritime industrien i regionen samla for å høyre meir om oppdraget med å bygge inntil 28 standardiserte fartøy til det norske forsvaret.
De meste av opplegget var lukka for pressa, men deltakarane var ikkje pålagt noko munnkurv for kva dei fekk høyre. Foredragsholdarane stilte også til intervju.
Mellom anna kom det fram at det allereie før påske kan bli kjent kven som vinn konkurransen om design og konsept. Til hausten skal verfta konkurrere om sjøle byggeoppdraga.
– Svært ambisiøs tidsplan
Etter val av design er klart, skal verfta konkurrere om sjølve byggeoppdraget, før ein tek sikte på å inngå kontrakt tidleg i 2027.
Leiar Asle B. Strønen i Norske Skipsverft understrekar at dei er positive til prosessen så langt, men peiker på at tempoet kan bli ei utfordring.
– Vi registrerer at Forsvarsmateriell legg opp til ein svært ambisiøs tidsplan, seier Strønen til Nett No.
– Det er kort tid frå designet blir presentert, til verftet skal gi ein pris. Det er stramt, men vi får se på det som ei positiv utfordring, legg han til.

– Enorme moglegheiter
Strønen mener det viktigste med tysdagens møte var at aktørane fekk orientere seg om alle moglegheitene som ligg i oppdraga for den maritime industrien.
– Det ligg enorme moglegheiter her og industrien må spele seg gode med å samarbeide og halde kontakt med verfta som blir valt til å bygge, seier Strønen.
For augneblinken er heile langtidsplanen for forsvaret inne til ei ny prioritering, der ein mellom anna skal vurdere kostnadsnivået.
Det ligg enorme moglegheiter her
Reknar med kostnadsauke
Leiaren for Norske Skipsverft reknar med at løyvingane som blir lagt på bordet etter denne vurderinga, er høgare enn det som tidlegare er signalisert.
– Om ein skal ta omsyn til prisstigninga trengst det eit høgare beløp for å klare å bygge alle dei 28 standardfartøya ein har mål om å gjere, seier Strønen.
Om løyvingane blir lågare – eller på same nivå som tidlegare opplyst, vil resultatet vere at det blir bygd færre fartøy, meiner han.
Har dialog med verft og aktørar
Kommandørkaptein Jon Inge Stensrud i Forsvarsdepartementet legg ikkje skjul på at det er ein krevjande prosess. For augneblinken har dei mykje dialog med designaktørane.
Samtidig samtaler dei med verftsaktørane om den vidare framdrifta, og påfølgjande konkurransen mellom desse som skal skje i løpet av året.
Han fortel at dei jobbar med å unngå for mykje detaljstyring ovanfra.
– Det er viktig å avklare kva konsekvensar ulike krav fører til, slik at det ikkje blir for dyrt eller for vanskeleg, seier Stensrud.
Lukka for pressa
Møtet i Ålesund var det fjerde av tilsvarande type, der forsvaret møter industrien ulike plassar i landet.
Arsaka til at arrangørane ikkje vil ha med pressa på heile opplegget, er at dei meiner dialogen med aktørane i salen blir meir ope, ifølgje Stensrud..
– Dialogen blir friare enn om pressa er til stades og vi kan uttale oss litt friare, seier han.
Publisert: 25.03.2026 05:00
Sist oppdatert: 24.03.2026 20:47






