Cecilie Myrseth foto Fiskeri og næringsdepartementet
TURISTAVGIFT: Næringsminister Cecilie Myrseth lanserte denne veka eit framlegg om kommunal avgift på cruisepassasjerar frå 2027 og innføring av turistavgift på overnattingsverksemder får 1. juli 2026.. Foto: Fiskeri og næringsdepartementet
Analyser

Cruisepassasjer-avgift blir innført

Næringsminister Cecilie Myrseth kjem med eit tilbod kommunepolitikarane ikkje kan seie nei til.

22.03.2026

100 kroner per cruisepassasjer ville utgjort omlag 60 millionar kroner i inntekt for Ålesund kommune, dersom kommunen hadde hatt ei slik avgift i fjor.

Det illustrerer inntektskjelda som ligg i å innføre avgifta.

Sjølv om Ålesund kommune vel å nøye seg med 25 kroner per passasjer, slik administrasjonen i Ålesundregionens Havnevesen går inn for, vil det utgjere 15 millionar kroner i året med 600.000 cruiseturistar slik som i fjor.

Det er pengar det óg. Men 60 millionar kroner er meir, så sjansen for eit politisk fleirtal for ei avgift nærare 100, enn 25 kroner er stor. Om ikkje i første omgang så seinare.

Det er berre å stille auka eigedomskatt opp mot auka cruiseavgift, så er det lett å skjøne kva som blir upopulært hos flest veljarar. 

Cruisepassasjeravgifta skal rett nok vere avgrensa: «Reiselivsrelaterte fellesgoder som kan finansieres av cruiseavgiften, er tjenester, natur, kulturmiljøer, infrastruktur, bygninger, og andre elementer, der bruken av eller behovet for disse øker vesentlig med antall besøkende».

Det er ei avgrensing som vil avgrense kor anvendeleg ei slik avgift er for å avlaste ein stram kommuneøkonomi. Men upresis nok til at den opnar for kreative fortolkningar.

Det er utvilsamt slik at avgifta ikkje kan finansiere drift av sjukeheimsplassar. Men kva med å spe på det kommunale vegbudsjettet og dermed frigjere midlar til sjukeheimane? Turistane skal også fram, så utbetring av vegar dei brukar må vel vere innanfor.

Ålesund knivar med Bergen om å vere den mest besøkte cruisehamna i Noreg, men både Stranda, Molde, Rauma, Stryn og Nordfjordeid er populære mål for cruiseskip. 

  • Sjå besøktal for cruisehamnane under

Forslaget kan truleg også gi konfliktar mellom dei kommunale hamnevesena og kommunane. Dei er ikkje eitt og det same, sjølv om kaiene er kommunale aldri så mykje.

Hamnevesena er eigne juridiske einingar, med eige styre og regulert av eigne reglar og forskrifter. Jobben er å ta vare på hamna sine interesser. Og det er nødvendigvis ikkje samanfallande med kommunane sine interesser. 

Cruiseskip betalar for å få lov til å legge til kai i Ålesund. Dei inntektene går til Ålesundregionens Havnevesen og utgjorde 66 prosent av dei i alt 142 millionar kronene hamnevesenet fekk i inntekt i 2025. 

Det er pengar Ålesundregionens Havnevesen mellom anna brukar for å finansiere utbygging av større hamneråde på Flatholmen på nordsida av Aksla.

Ei cruiseavgift vil gå i kommunekassa, men fører den til at cruisetrafikken går ned, får hamnevesenet redusert si inntekt.

Erfaringa frå Island er at det er eit grense for kor høg avgifta kan vere utan å utløyse eit markert fall i trafikken, i alle fall på kort sikt.

Der blei det innført ei avgift på 2500 islandske kroner i fjor. Det utgjer cirka 190 norske kroner. I november i fjor var førehandsbestillinga for 2027 redusert med 50 prosent samanlikna med kva dei var like langt fram i tid eitt år før, ifølgje bransjemagasinet Cruise Industry News.

Framlegget til forskrift om cruiseavgift er sendt ut på høyring. Les framlegget her (ekstern lenke)

Sjå besøktal for cruisehamnane under

Ålesund,Stavanger og Bergen på topp  
Tal på cruisepassasjerer i 2025 
  
Bergen

683.718

Stavanger

638.751

Ålesund

594.510

Geiranger/Hellesylt

408.665

Olden

295.911

Nordfjordeid

228.747

Molde

193.448

Måløy

128.310

Åndalsnes

81.657

  
Kjelde: Nærings- og fiskeridepartementet 

Publisert: 22.03.2026 05:00

Sist oppdatert: 22.03.2026 01:40

Mer om