Det loente seg aa bruke sparekniven
FÆRRE FOLK, STØRRE FORTENESTE: Dei tre siste åra har dei samla inntektene til avisene på Nordvestlandet stått stille, men lønsemda er kraftig betra, mellom anna hos Sunnmørsposten.
Analyser

Det lønte seg å bruke sparekniven

Sunnmørsposten har ikkje greidd å auke inntektene dei to siste åra, men har likevel snudd minus til pluss.

18.08.2019
ANALYSEOppskrifta for å auke lønsemda når inntektene står stille er enkel. Kutt kostnadar, for eksempel ved å kvitte seg med tilsette.Det har Sunnmørsposten gjort. I fjor sysselsette avisa 57 årsverk. I 2016 var det 66. Det er ein reduksjon på nesten 14 prosent på to år, og det hjelper på resultatet.Avisa hadde 7,5 millionar kroner i underskot før skatt i 2016 . I fjor var det 14,4 millionar kroner i pluss (Sjå tabell med alle avisresultata. På mobil finn du tabellen nederst på sida) Utviklinga i Sunnmørsposten er illustrerande for avisene på Nordvestlandet. I fjor hadde dei ei samla driftsinntekt på 388,5 millionar kroner. Det er omlag på nivået dei tre siste åra, men det samla resultatet før skatt har gått frå minus 0,7 millionar kroner i 2016 til pluss 38 millionar kroner i 2018.Resultatet før skatt prosent av driftsinntektene (resultatmargin) var 9,8 prosent i fjor. Neppe nok til at investorane i Polaris Media, som eig ni av dei 20 avisene på lista, er fornøgd med nivået, men i alle fall nok til at dei er nøgd med utviklinga. (I tillegg til Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke er Fjordenes Tidende, Fjordingen, Møre-Nytt, Vikebladet-Vestposten, Vestlandsnytt, Fjordabladet og Sunnmøringen Polaris-aviser. Driftsinntektene til Polarisavisene utgjer 80 prosent av driftsinntektene til dei 20 avisen på NETT NO si liste).Ni av 20 avisbedrifter i NETT NO si oversikt gjekk med underskot i 2016.I 2107 var talet på underskotsaviser redusert til fem. Avisene gjekk samla sett frå ein negativ resultatmargin på 0,2 prosent i 2016 til ein resultatmargin på pluss 7,2 prosent. I år var det fire aviser på lista med minusresultat. Men underskota minkar for dei som gjekk i minus. I 2017 hadde avisene med underskot til saman 2,5 millionar kroner i underskot. I fjor var summen 1,1 millionar kroner.2016-tala var prega av store eingangskostnadar hos Polarisavisene, som brukte sluttpakkar til å få folk ut av dørene. I tillegg til nedbemanning har den eine etter den andre av Polaris-avisene kutta ned på talet på papiravisutgåver. Det sparer trykkeri- og distribusjonskostnadar.Førebels sist i rekka er Møre-Nytt, som går frå tre til to utgåver i veka. Det er verdt å merke seg at med den betra lønsemda skjer omlegginga i kombinasjon med at avisa aukar den redaksjonelle kapasiteten ved å hyre inn fleire frilansarar. Overskot gir eit anna handlingsrom enn inntektsfall og underskot.Frykta for at inntekter går tapt ved å satse meir på nett - vel å merke som eit tilbod for abonnentar - er minkande. Frykta minkar ikkje fordi avisene trur det er lettare å auke annonseinntektene på nett, men fordi dei ser ein større aksept frå abonnentane for å lese avisa på nett - og betale for det.Fleire av dei alle minste frittståande lokalavisene i vår region har starta eit samarbeid om tekniske løysingar som gjer at også dei vil bli nettaviser. Det blir ikkje farvel til papirutgåva med det første for dei minste, men det første steget er tatt.Inntektsutvikling til Sunnmørsposten illustrerer og ei viktig endring for avisbransjen. Dei samla inntektene for Sunnmørsposten har vore stabile dei tre siste åra, men likevel er der ei stor endring. Abonnement- og laussalsinntektene går opp og annonseinntektene går ned. Annonsenedgangen kjem på papir, men der er ikkje vekst i annonseinntektene på nett.Det er konkurransen frå mellom andre Google som slår ut. Annonsørane kjøper annonseplass hos Google, annonser som følgjer deg rundt på nettet uavhengig av kva nettside du er på. Eller butikkane når deg direkte via eigen nettside og sosiale media. Begge deler flyttar annonseinntekter ut av dei etablerte mediebedriftene.Konsekvensen er at abonnementsinntektene har blitt relativt viktigare for avisene.Spørsmålet no er om avisbransjen har kome til eit nytt balansepunkt etter ein langvarig nedgang, der mykje har handla om kostnadskutt.

Publisert: 18.08.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59