Digitalisering jamnar ut skilnadene
MEIR DIGITALT: Oppe til venstre er fylkesutvalet i Møre og Romsdal samla til videomøte og oppe til høgre analyserer Harald Magnus Andreassen i Sparebank1 Markets koronatiltak. Nede til venstre har musikar Egil Olsen strøymekonsert og nede til høgre er Øyvind Reed i Videonor, som får fleire kundar. 
Analyser

Digitalisering jamnar ut skilnadene

Bedrifter i nordvest har ekstra gode grunnar til å ri på digitaliseringsbølgja. Les NETT NO sin artikkelserie om konsekvensane av koronakrisa.  

Marius Rosbach
13.04.2020
I en artikkelserie i påska ser NETT NO på kva som kan bli dei langvarige konsekvensane av koronapandemien. Dette er sjette artikkel. Sjå liste under.

ANALYSE:


Koronapandemien har skapt ei bølgje av digitalisering i arbeidslivet som vi ikkje har sett maken til. Omfattande tiltak for å stanse smittespreiing har sett store delar av arbeidsstyrken på heimekontor og stansa moglegheitene for at mange møtast fysisk.
Situasjonen har tvinga langt fleire av oss til å ta i bruk digital teknologi til å løyse arbeidsoppgåvene. Truleg er det ikkje få som dei siste vekene har fått spørsmål frå mindre digitale kollegaer om, «korleis fungerte eigentleg dette her...». For i stor grad har teknologien og verktøya vore der i lengre tid. Som dei vanedyra mange av oss her, så er det berre ikkje teke i bruk – iallfall ikkje av alle.
Allereie før dei strenge koronatiltaka blei sett i verk, omtala – som leverer løysingar for videokonferansar – opplevde ei tidobling i talet på nye kundar. I dagane som følgde fekk Avento for Microsoft Teams, analytikar Harald Magnus Andreassen via nett og musikar Egil Olsen som han tente til vanleg. Teknologiekspert Torgeir Waterhouse uttalde nyleg til at vi no gjer oss erfaringar, som ein til vanleg ville brukt 10-15 år på – eller kanskje aldri ville forsøkt.
Forskar Nils Brede Moe ved SINTEF er mellom dei som meiner det vi opplever vil føre til ei varig endring. at heimekontor i mange samanhengar fungerer like godt som å møtast fysisk på ein arbeidsplass. Det høyrer med til historia at heimekontor ofte er . Mange låglønte yrkesgrupper som ironisk nok har jobbar som no er definert som kritiske samfunnsfunksjonar, har ikkje denne moglegheita.
Forskaren meiner typiske statusmøter og opplæring er best eigna til å bruke videomøter eller andre former for digitale verktøy. Etter koronapandemien er over, vil det vere mindre aksept både hos tilsette – og dei som betalar – å reise lange strekningar til møter eller kurs, som ein kan få like god nytte av frå heimen eller på arbeidsplassen.
Samtidig meiner SINTEF-forskaren at møter via nett er mindre eigna til å løyse meir komplekse oppgåver. Ein kan tenke seg at politiske møter kan vere i denne kategorien, men det er ikkje sjølvsagt. Sjølv om det har vore nokre tekniske utfordringar ved å gjennomføre slike møter dei siste vekene, er det mykje å hente på tilrettelagte verktøy og opplæring.
Difor er det til dømes grunn til å sjå nærare på kva for midlar som blir nytta til å betale for reiser og frikjøp av fylkespolitikar, som i dag . Det er òg ein styrke for demokratiet at møter som blir strøyma direkte på nett, er tilgjengeleg for langt fleire, enn møter som skjer på fylkeshuset i Molde.
Fleire har peika på at fysiske møter kan vere avgjerande for å bli kjend med ein ny forretningspartnar og oppnå tillit. Det er mykje sant i ein slik påstand, men truleg har mykje å gjere med det psykologiske. Mange av oss ikkje er vande med å møte nye menneske via digitale verktøy. Med meir erfaring, vil fleire bli meir komfortable med å utvide bruksområda. Første bod er iallfall å sjå dei ein snakkar med - til skilnad frå dei gamaldagse telefonkonferansane.
Også i varehandel og restaurantlivet har digitaliseringa gjort sitt inntog i større grad. Bestilling av mat via nett og heimkøyring er ikkje nytt – men er teke i bruk av langt fleire, som eit alternativ for å sikre nok omsetning. Enkelte butikkar har vore ekstra kreative og tilbyr Facetime-shopping. Slik kan kundane ringe ein tilsett i klesbutikken og få sjå nye varer, samtidig som dei får tips og råd undervegs. Tilbodet minner om korleis teknologien takast i bruk av servicepersonell frå industrien for å kommunisere med ekspertar andre stader i verda medan dei er ute på oppdrag. I møte med en smittsam pandemi er videomøter mellom lege og pasient, også ein tryggare metode å drive behandling.
Nokre av desse tilboda er tvinga fram fordi det ikkje finst alternativ for augneblinken. Difor vil ikkje alle tilboda overleve. Men nokre vil vere eit supplement også etter krisa er over.
Fellesnemnaren for dei digitale hjelpemidla er at fysisk avstand betyr mindre enn før. For ein grisgrendt region som Nordvestlandet er det godt nytt. Næringslivet i landsdelen har rett nok lange tradisjonar for å trasse geografien og selje produkta sine over heila verda.
Likevel er det liten tvil om at det er meir krevjande å drive business når eit enkelt møte med ein faginstans krev at ein må betale for flyreise og opphald på hotell. Då er det enklare å vere plassert i Oslo med kort avstand til sentrale styresmakter. Skilnaden i kostnader gir ein fordel som kan vere tunga på vektskåla mellom konkurrentar i same marknad.
Også internt her i regionen, gir geografien ulemper. Dei som jobbar mellom fjord og fjell - eller ute på ei øy - skal gjerne bruke timar i bil - og ofte betale for ei ferje i tillegg, for å møtast fysisk. Andre stader slepp ein kanskje unna med ein t-banebillett og reisa er unnagjort på minutt.
Det er difor gode grunnar til at digitaliseringsbølgja i sum gir ei utjamning i konkurransevilkår som kjem utkantane til gode - meir enn i sentrale strøk. Og som med alle bølgjer - er det dei som våger å la seg rive med i rett tid, som får mest nytte av krafta som ligg i den.
I en artikkelserie i påska ser NETT NO på kva som kan bli dei langvarige konsekvensane av koronapandemien. Dette er sjette artikkel.







I denne episoden kan du høyre regiondirektør Espen Remme i NHO Møre og Romsdal og direktør Helge Gjerde i Innovasjon Norge Møre og Romsdal snakke om korleis bedriftene blir treft av koronakrisa - og kva som blir gjort for å hjelpe dei. Podcasten er eit annonseprodukt.

Publisert: 13.04.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59