Analyser
Ei helsing frå Åge til Kjell Inge
Allereie den dagen Aker og Kjell Inge Røkke stoppa Rem sin refinansieringsplan, bestemte Åge Remøy seg for å slå hardt tilbake.
10.10.2016
KOMMENTAR: Ingen bør verte overraska over at Åge Remøy i dag annonserte satsinga på det nye selskapet In Nord Vest. Rykta om dette har gått i lang tid.
Ingen bør heller verte overraska over at islendingen Thorsteinn Mar Baldvinsson er med på laget. Rykta om dette har også svirra i lang tid.
Mar Balvinsson har vore av Åge Remøy sine næraste allierte sidan den opprivande maktkampen med Solstad i 2007-2008, og sat i Rem-styret heilt fram til våren i fjor. Mar Balvinsson har fleire gongar signalisert at han ønskjer å vere aktiv i offshore, og no ser han opninga for å kome seg inn til ein billeg penge når alle andre slit.
Samherji-direktøren frå Akureyri har også godt med tilgjengelege midlar etter at fiskeriselskapet har tent gode pengar siste åra, i tillegg til å ha seld fiskerirettar i Afrika. Mar Baldvinsson er også ein uttalt norges-ven og er ofte på Nordvestlandet. Han kom seg også ut av Rem Offshore før verdien av selskapet gjekk rett til botns.
Litt meir overraskande er det at den tidlegare Ocean Trawler-direktøren Magnus Roth er med på laget. Svensken Roth bur no i Sveits, og har til liks med Mar Baldvinsson tent seg rik på fisk, men har også vore i fokus for både Greenpeace og NRK Brennpunkt.
Roth har no truleg ein solid pengesekk etter at den russiske multimilliardæren Vitaly Orlov nyleg kjøpte Roth sin eigardel av det Hong Kong-baserte fiskeriselskapet Ocean Trawler.
Det er dermed islandske og svensk/sveitsisk/russiske fiskarpengar som no skal brukast på offshore. Det er også i stor grad fiskarpengar Åge Remøy stiller med, som med tungt hjarte selde den lukrative reke- og kvitfisktrålaren Hopen for å blidgjere bankane i restruktureringa av Rem Offshore. Truleg var gevinsten på over 300 millionar kroner for Remøy.
Alt var eigentleg på plass for Åge Remøy, heilt til Aker kjøpte seg opp i eitt av obligasjonslåna og blokkerte løysinga. Resten er historie, men det er klart at Åge Remøy har vore nokså forbitra over at Aker og Kjell Inge Røkke stoppa det som Remøy meinte var ei god og langsiktig lokal løysing.
Åge Remøy har gjentatte gongar også prøvd å få Røkke i tale, men seier at han har fått beskjed gjennom advokatar om at Røkke ikkje ønskjer å prate.
Svaret til Røkke kom i dag med etableringa av In Nord Vest med pengesterke og handlekraftige partnerar som alt har lagt ein halv milliard kroner på bordet.
For denne summen kan ein få kjøpt eit dusin PSV-ar som no ligg tett i tett i opplag langs kysten, men trioen har større ambisjonar enn som så. Dei ønskjer å byggje noko stort og slagkraftig utfrå Fosnavåg som base.
Åge Remøy var også måndag klar på at han ønskjer andre til å vere med på laget. Mest nærliggjande partner er heile eller deler av Havila Shipping, alt etter kva løysing som vert valt der, men Remøy er heller ikkje heilt framand for at også broren sitt selskap Olympic Ship kan verte ein del av nysatsinga.
Om ein lukkast med å samle restane av dei store offshoreselskapa i Herøy under ein paraply, vil ein få ei slagkraftig eining nord for Stad, som er målet med satsinga. Men der er fleire skjer i sjøen, ikkje minst at motsetnadene mellom brørne Åge og Stig er så store at det er lite truleg at dei sjølve kan ha sentrale posisjonar i den daglege leiinga av eit slikt selskap. Derimot kunne dei hatt eigarskap og styreposisjonar.
Det nye selskapet vil ha den fordelen at ein kan kjøpe båtar billeg og dermed byggje opp ei konkurransekraftig flåte med lav gjeld, og dermed kunne klare seg med lavare rater enn mange av dagens gjeldstyngde konkurrentar. Det er det Åge og partnerane ser. Men det same ser Røkke, John Fredriksen, Kristian Siem, Øystein Stray Spetalen, Johan H. Andresen og andre aktørar som er klare til å investere i offshore og posisjonere seg til den oppturen som vil kome, heller seinare enn før.
Å få kloa i Farstad Shipping står øverst på ønskjelista for både Røkke og fleire andre.
Uansett kva ein meiner om Åge Remøy og partnerane, er det imponerande at ein 66-åring som eigentleg hadde tenkt å trekkje seg tilbake, no brettar opp ermane og er full av pågangsmot til å skape noko nytt med base i Fosnavåg. 66-åringen har fått med seg ein 64-åring frå Island og ein 60-åring i Sveits, og på Mjølstadneset sit ein 75-årig remøyværing i Havila Shipping og arbeider for å berge det selskapet. Det som i dag skjer i offshore er ikkje for amatørar.
Det var ein tydeleg rørt Åge Remøy som måndag firte Rem-flagget for siste gong, men det var også ein aktør med betydeleg kamplyst, som gav ein klar beskjed til Kjell Inge Røkke og andre om at siste kapittelet framleis ikkje er skrive, sjølv om Rem Offshore no formelt er historie.

Publisert: 10.10.2016 15:33
Sist oppdatert: 10.02.2021 21:59